Ny kyrkje på Kleppe har vore ei av Klepp KrF sine viktigaste prioriteringar i våre partiprogram og i praktisk politikk sidan 2011.

Det er på høg tid med ny kyrkje i Klepp sokn. Eit bygg frå 1846 er både upraktisk og for lite i høve til den aktiviteten kyrkja ynskjer å tilby lokalsamfunnet i dag. Det må også peikast på at det frivillige arbeidet for å få realisert ny kyrkje er stort. Magne eldsjeler legg ned timevis med arbeid for å samla inn midlar til kyrkja sin eigenandel. Dette arbeidet står ikkje på nokon måte tilbake for det arbeidet som vert lagt ned i andre frivillige lag i samband med ulike byggeprosjekt.

Det er derfor særs gledeleg å registrera at ei ny kyrkje er noko eit stor politisk fleirtal stiller seg bak. Kommunen inviterte for nokre år sidan kyrkja ned til sentrum, slik at ho kunne bli ein viktig del av sentrumsutviklinga. I tillegg kan det også være midlar å spare i høve til sambruk av ulike lokale som til dømes kjøkken, lager, aktivitetsrom m.m.

Enkelte hevdar at ein må heller byggje idrettsbygg som er for alle, enn kyrkjebygg som er for dei få. Dette er ein argumentasjon som KrF stiller seg uforståande til. Ingen har fleire medlemmer i Klepp enn kyrkja, og ho er open for alle som vil delta. Idrettshallar har Klepp kommune brukt over 100 millionar kroner på dei siste åra, ved bygg av nye hallar på Bore og i Varheia.

I tillegg til eit sjølvstendig kyrkjebygg for kyrkjelege handlingar, blir dette også eit stor løft for kultursektoren i Klepp. Midlane som her blir brukt på kultursalar, er på ingen måte mindre enn det som blir brukt på kyrkjebygg. Området vil bli et bygg for alle.

Arbeidet har nå komme så langt at det er kåra ein vinnar av arkitektkonkurransen, det er arbeida mykje med romprogram og det er gjort økonomiske overslag.

Budsjettet for prosjektet på Kleppe er nå kome opp i 550 millionar kroner. Dette syntes eit samla formannskap var noko høgt, og sende saka tilbake til administrasjonen for å sjå på moglege kostnadsreduksjonar. Slike rundar er naudsynte for å optimalisere prosjektet. Vi som skal vedta bygginga må også vera trygge på Klepp har økonomisk evne til å gjennomføra prosjektet, utan at det går ut over basistenester som oppvekst og omsorg.

Kyrkja har til nå i prosessen vist stor vilje til kompromiss for å redusera arealet. I det vidare arbeidet vil Klepp Krf fortsetje arbeidet for at kyrkja sine behov skal bli ivaretekne utan ytterlegare reduksjon i areal. Dette er eit syn som me også deler med andre parti.

Klepp kommune fekk eit stort økonomisk overskot for 2021, og me har pengar på bok. Dette gir håp om at våren 2026 er både kyrkja, kultursalar og kommunehus klar til å bli tekne i bruk.

Kyrkja kan vera trygg på at Klepp KrF, saman med andre parti, vil sikre kyrkje sine behov i det vidare arbeidet.