Eg «podde». Og det burde du òg.

Ane Mari Braut Nese kjem i dette lesarbrevet med sine tankar rundt den havarerte bompakken på Jæren.

Ane Mari Braut Nese kjem i dette lesarbrevet med sine tankar rundt den havarerte bompakken på Jæren.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det er tungt å stå for noko som er upopulært, skriv Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese (H).

DEL

Lesarbrev om bompakken Det har blitt klart at det tynne fleirtalet i Klepp kommunestyre ikkje tolte endringa som skjedde i Time. Eg snakkar om Utbyggingspakke Jæren.

Det er tungt å stå for noko som er upopulært. Dei folkevalde i kommunestyret høyrer stort sett berre eit bodskap frå berre ei gruppe. Ei gruppe sinte byassar. Ja det er enkelte Kleppsbu og med. Men dei som kjem på kommunestyremøta i Klepp med plakatar og sinte ansikt, er i stor grad folk eg kjenner att frå kommunar nord frå oss.

Veit de på Orstad og Kverneland kva som er i ferd med å skje nå?

Veit de at trafikken som de slit med no, kjem til å bli verre?

Fordi folkeveksten i Time og Hå bringar med seg trafikk gjennom Orstad og Kverneland.

Veit de at det snart kjem endå fleire lastebilar gjennom bygda dykkar?

Fordi vegen og brua frå godsterminalen på Ganddal snart skal opne. Den trafikken skulle jo sendast med tverrforbindelsen opp til E39. Det blir ikkje noko av på minst 15 år no. All den godstrafikken skal nå snart gå gjennom bygda dykkar, og det er ikkje håp om betring på minst 15 år.

Veit de at tverrforbindelsen ligg sist i bypakken?

Kva prosjekt trur de blir kutta først når bypakken no har 40 % inntektssvikt?

Eg trur aldri han vert bygd.

Og viser naboane i nord oss nåde og likevel bygg tverrforbindelsen, så legg dei han der dei helst vil ha han. På nordsida av Figgjoelva. For det er billigare og enklare for dei. Men då vil berre lastebilane frå godsterminalen velja å bruke vegen. Hadde me fått bygd han på sørsida ville personbilane som kjem frå sør og valt å bruke han. Me hadde fått vekk dobbelt så mykje trafikk.

Veit de at omkøyringsvegen aust for Orstad og Kverneland nå aldri blir bygd?

At kommuneplanane i Klepp og Time må endrast fordi me ikkje lenger har finansiering til det viktigaste infrastrukturtiltaket for å kunne byggje ein Orstadby. Det er heilt klart at det er uansvarleg å byggje ein by for 15.000 innbyggjarar med den trafikken som er der i dag. Då er det endå verre å gjera det med den trafikken som snart kjem.

Korleis skal me klare å få eit stort og sunt ungdomsskulemiljø på Orstad utan at det kjem fleire innbyggjarar til bygda? Kven vil bu der i framtida? Vil du?

Veit de forresten at i utbyggingspakken som nå ryk, låg det inne eit løfte frå fylkeskommunen om å utbetre busstilbodet i Klepp og Time?

Det ryk no.

Veit de at det og låg inne i pakken pengar til å lage tilfartsparkering på jernbanestoppa?

Det ryk no.

Veit de at ingen andre står klare til å hoste opp pengane som trengst til alt dette?

Fylkeskommunen har ikkje meir enn 400 mill. per år å bruke på veg og gang/sykkelvegar. Det skal brukast i heile fylket. Me ligg så langt ut i køen at me kan gløyme å få hjelp derifrå.

Ja, eg er samd i at staten burde bygd vegane våre. Dagens regjering har redusert bompengeandelen frå ca. 50 % til ca. 28 %. Det hjelper. Litt. Men det er mykje veg som skal byggjast i dette landet. Me står så langt ut i køen der og at me må ikkje tru på hjelp derifrå.

Eg «podde».

Ikkje fordi sinte folk frå byen vant. Nei det toler eg. Eg har valt å vera folkevalt. Me må tole slikt. Det heiter politikk. Det er langt ifrå logikk.

Nei, eg «podde» ikkje fordi me prøvde å gjera eit grep FØR krisa set inn.

Me folkevalde får alltid kjeft for at me ventar heilt til alt står i sju steinar før me byggjer nye vegar, sykkelvegar og anna.

Nå ser me krisa komme. Me førebur oss. Me snekrer ein plan. Ein Utbyggingspakke. Me ville byggje vegane før krisa kom.

Eg «podde» for at du som ikkje hadde valt å køyre gjennom bommar likevel – det var du som vant. Du kan velja å køyre akkurat kva veg du vil i Klepp og Time. Du kjem deg til Jærhagen, til Bryne og til Kleppe utan å køyre gjennom bom om du vil det.

Men eg som faktisk var klar til å ta ein for laget. Ein for dei Orstad. Eg får ikkje velja å køyre gjennom bommen og bidra til dugnaden. Derfor «podde» eg.

Artikkeltags