- Eg har fått nokre sure tryne, men aldri hets eller truslar

Artikkelen er over 1 år gammel

Time-ordførar Reinert Kverneland er glad for at gårsdagens innlegg frå kollegaen i Klepp skapar nasjonal merksemd. - Det enkelte bom-motstandarar har gjort mot henne, er forkasteleg og udemokratisk, seier Kverneland.