Klokka 04.20 blei tjuveriet politimeldt, to timar seinare hadde eigaren fått tjuvegodset tilbake

Eit tjuveri frå ein garasje på Lye natt til fredag, blei raskt oppklart.

DEL

Klokka 04.20 natt til fredag kom det melding til politiet om tjuveri frå ein garasje på Lye. Verktøy var stole.

– Patruljen oppsøkte ein mann som dei mistenkte for tjuveriet. Han stadfesta at det var han som var tjuven, og eigaren har fått verktøyet tilbake, melder politiet i Sør-Vest på Twitter.

Tjuveriet blir politimeldt.

Politiet opplyser også om ein mann i 20-års alderen blir politimeldt etter å ha køyrt bil utan gyldig førarkort. Mannen blei stansa i Trallfavegen ved 21.00-tida torsdag kveld.

Artikkeltags