Innsatsleiar i Hå brannvesen, Jarle Kloster, seier at det er minimale materielle skadar. Det verkar heller ikkje å vera personskadar.

– Det verkar førebels veldig udramatisk. Begge er oppegåande. Det kan verka som det er mindre eller ingen personskadar, seier Kloster.

Hendinga skjedde i krysset mellom Varhaugvegen og fylkesveg 44.

Trafikken vart ved 18.30-tida losa gjennom eitt felt. Då var det ikkje lang tid før trafikken flaut som normalt, sa innsatsleiaren.