Gå til sidens hovedinnhold

Kollisjon på Buevegen

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein mann i 30-åra er meld for brot på vikeplikta etter at to bilar støytte saman.

Litt før klokka halv seks måndag ettermiddag melde politiet om ein kollisjon mellom to bilar på Buevegen ved Varhaug.

- To personar var involverte, ein mann og ei kvinne, begge i 30-åra. Begge var uskadde, melder politiet på Twitter tre kvarter seinare.

Mannen er meld for ikkje å ha halde vikeplikta.