Vigdis Monsen Austdal var ingeniøren som blei tilsett som kommunalsjef for helse og sosial i Hå den 3. januar 2011.

– Vigdis Monsen Austdal hadde ingen sosialfagleg bakgrunn, men ho var veldig samfunnsengasjert. Hå kommune gjorde eit klokt, framsynt og vågalt val då dei tilsette Vigdis som øvste leiar for helse og sosial. Eg er veldig glad for at eg har arbeidd med henne, seier Anne Berit Berge Ims, kommunedirektør i Hå.

Hadde vore Høgre-politikar

Ho snakka fleire gonger med Monsen Austdal om den spreke tilsetjinga. – Vigdis var samd i at det var vågalt. «Æ kan ikkje sett sprøyta, men æ kan tell tal», sa ho på tromsødialekten sin, fortel Berge Ims.

Vigdis Monsen Austdal hadde ei treårig prosjektorientert ingeniørutdanning, studieretning elektronikk frå Telemark ingeniørhøgskole. Ho var også utdanna bedriftsøkonom frå Norges handelshøgskole og Master of Management Handelshøyskolen BI.

Vigdis Monsen Austdal var fødd i Tromsø, og ho hadde vore Høgre-politikar før ho begynte som kommunalsjef i Hå.

– Vigdis var ein fantastisk leiar; arbeidsam, driftig og strategisk. Ho var god på detaljar, men også på det visjonære. Sidan ho hadde vore politikar sjølv, visste ho kor viktig det var med ein god dialog mellom politikarane og administrasjonen. Ho var også ein av arkitektane bak felles legevakt på Jæren, held kommunedirektøren fram.

– Enorm arbeidskapasitet

Anne Berit Berge Ims trekkjer fram leiareigenskapane til den no avdøde kommunalsjefen.

– Ho leia helse- og sosial som om det var ei bedrift, med vekt på framdrift og økonomistyring. Ho såg det store bildet, og ho hadde ein enorm arbeidskapasitet. Ho klarte også å skilja mellom stort og smått, og ho såg kva framtidige helseutfordringar det var viktig å fokusera på. Ein periode var ho både kommunalsjef og eigedomssjef, ei anna stund fungerte ho som kommunalsjef for teknisk, samstundes som ho var kommunalsjef for helse- og sosial. Ein stor kapasitet har gått bort, seier Berge Ims.

– Korleis var Monsen Austdal som person?

– Raus, klok og strategisk. Ho var ei du kunne ta ein kopp kaffi med og snakka om vanskelege ting, og ho lytta til dei som hadde behov for det. Eg vil sakna henne djupt, og det blir store sko å fylla, svarer kommunedirektøren.

Anne Berit Berge Ims var saman med Vigdis Monsen Austdal fredag 18. februar.

– Leiargruppa i Hå kommune møttest heime hjå meg, og me lo og drøste i lag om alt me har opplevd. Ingen visste at det var siste gongen me fekk vera saman, seier kommunedirektøren.

Vigdis Monsen Austdal døydde av kreft.