Gå til sidens hovedinnhold

Kommunane er skremte av smitteauken etter påske – vidarefører dagens nasjonale tiltak på Jæren

Dei nasjonale lettingane regjeringa kunngjorde tysdag, skal ikkje gjelda for Jæren.

Dagens nasjonale tiltaksnivå vert vidareført i Time, Klepp, Hå og Gjesdal. Det betyr at dei nasjonale lettingane regjeringa kunngjorde i går, og som skal gjelda frå og med fredag, ikkje vert gjeldande på Jæren. Kommunane vil gjera ei ny vurdering måndag 19. april.

– Det har vore auke i smitten på Jæren etter påske. Smittesituasjonen tilseier at me har behov for å halda på dei strenge smitteverntiltaka. Utviklinga dei neste dagane vil avgjera om me kan letta på tiltaka på Jæren neste veke, seier kommuneoverlege i Time Øystein Øgaard på vegner av dei fire kommunane.

Dei lokale smitteverntiltaka vert gitt som anbefalingar av dei fire kommunane. Unntaket er forbod mot skjenking som vert forankra i eiga forskrift i Time, men som er ei anbefaling i dei tre andre kommunane.

Dei viktigaste lokale tiltaka vil kort oppsummert vera:

Konsekvensar for kommunale tilbod

Symjebasseng

  • Alle symjebasseng er stengde for offentleg bading.
  • Basseng held elles ope for symjeundervisning, organisert symjetrening for personar under 20 år, terapi og behandling, rehabilitering og opptrening.

Bibliotek

  • Biblioteka er opne, men dei fysiske arrangementa er avlyst.

Kino og kulturhus

  • Bryne kino held ope, men kan maks ha 20 gjester i kvar sal.
  • Storstova kulturhus og Bryne Mølle held stengt. Alle arrangement er utsett/avlyst.

Skule, barnehage, kulturskule

  • Skular, barnehagar og kulturskulane følgjer eigne smittevernrettleiarar. (Her gjeld ikkje to-meterregelen).
  • Opne barnehagar held stengt.

Tilbod til barn, unge, eldre og sårbare grupper

  • Alle kommunane prøver så langt dei kan å oppretthalda tilboda til barn, unge, eldre og sårbare grupper. Tilboda vert tilpassa dei nye smittevernreglane.

Rådhusa

  • Klepp rådhus er berre ope for dei med avtale.
  • Dei andre rådhusa er opne for publikum, men dei aller fleste tilsette på rådhusa har heimekontor, og kommunane oppfordrar alle til å ta kontakt digitalt eller via telefon.

Politiske møte

  • Alle politiske møte vil gjennomførast digitalt i perioden.

Konsekvensar for treningssenter

  • Anbefalt at det berre er ope for innbyggarane i kommunen.
  • Kan også halda ope for dei som er busett i andre kommunar dersom dei skal nytta seg av rehabilitering og opptrening som tilbys individuelt eller i mindre grupper med arrangør, individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.