Nedremarka Eiendom har store planar for vidare utbygging av M44 – men ser at det er nødvendig å betra tilkomsten til senteret og auka parkeringsdekninga.

Sentereigaren har fått laga ein studie som viser korleis parkeringsproblematikken vest i Bryne sentrum kan løysast. Nå ventar dei på tilbakemeldingar frå kommune og fylkeskommune.

Plan- og utbyggingssjefen i Time, Ole Bjørn Maråk, fekk sendt over studien i slutten av 2021.

I eit brev til fylkeskommunen skriv han at kommunen ønsker velkommen ei vidare utbygging.

– Kommunen er positiv til utbygging av kjøpesenteret og meiner det vil ha ein positiv effekt på handelen i heile Bryne sentrum og styrka byen sin posisjon som regiondelsenter, står det i brevet.

Prinsippavklaring

Nedremarka Eiendom ønsker tidleg i 2022 å få ei prinsippavklaring om sitt forslag til å løysa parkeringsproblematikken, før dei kan sluttføra arbeidet med områdeplanen for Nedremarka.

I brevet til fylkeskommunen skriv Ole Bjørn Maråk at kommunen har forståing for Nedremarka Eiendom sitt ønske om å avklara val av tilkomstløysing.

Slik Jærbladet tidlegare har skrive, vil sentereigaren «overta» og flytta rundkøyringa mellom Shell-stasjonen og Bryne Mølle, i Arne Garborgs veg. Frå rundkøyringa vil dei leia trafikantane inn i eit nytt parkeringshus.

Det er eitt av seks alternativ som er presenterte i ein studie utarbeidd av Prosjektil. Felles for alle alternativa er at dei avlastar dei eksisterande tilkomstvegane inn til M44.

– Ei så stor utbygging aktualiserer spørsmålet om ein ny adkomst. Det er ikkje ønskeleg med auka trafikk i bygatene og lite truleg at det er fornuftig å losa all ny trafikk gjennom rundkøyringa fv. 44 / Jupitervegen og Reevegen, skriv Maråk i brevet.

– Mest utfordrande krysset

Prosjektil har to føretrekte alternativ for M44. Både alternativ 4 og 6 har tilkomst frå ei rundkøyring i Arne Garborgs veg, og skal vera silte ut basert på dialog med kommunen og fylkeskommunen.

Maråk skriv at kommunen også vil ha vurdert ny rundkøyring på fv. 44 (alternativ 1).

Han kjem med ei åtvaring:

– Time kommune er i utgangspunktet skeptisk til auka trafikk nordfrå inn i fv. 506 (Arne Garborgs veg) då dei registreringane og analysane som er gjort, viser at det er det mest utfordrande krysset og svingmønsteret me har i kommunen, poengterer han.

Kommunen vil ha utarbeidd betre trafikkmodellar for alternativ 1, 4 og 6, som ser nærmare på auken i trafkk og styring av trafikken inn på kjøpesenteret.

Maråk har bede fylkeskommunen om ei førehandsvurdering av dei tre alternativa, så vel som innspel på kva premissar som skal leggast til grunn for trafikkmodellane.

Dette er alternativa som er vurderte

Alternativ 1: Ny rundkøyring på fv. 44 med direkte tilkomst til M44

Alternativ 2: Tilkomst via Tjøttavegen med undergang under fv. 44

Alternativ 3: Avkjørsel fra fv. 44 med høgre av/på

Alternativ 4: Eigen arm fra eksisterande rundkøyring fv. 44 / Arne Garborgs veg direkte til M44

Alternativ 5: Ny rundkøyring på Arne Garborgs veg direkte til M44

Alternativ 6: Flytta eksisterande rundkøyring i Arne Garborgs veg for å gje direkte tilkomst til M44

Kjelde: Prosjektil: «M44 Bryne – Anbefaling for alternativ adkomst»

Utfordrar sentrumsplanen

Plan- og utbyggingssjefen presiserer at kommunen ikkje har tatt stilling til korleis utbygginga av M44 skal skje, eller om nye areal er i samsvar med sentrumsplanen for Bryne.

I 2020 var Prosjektil AS i utval for lokal utvikling for å halda ein presentasjon om planane.

Ifølge presentasjonen til politikarane, vil kjøpesenteret utfordra sentrumsplanen på to område:

  • byggehøgder
  • parkeringsdekning

Med 350 nye parkeringsplassar, totalt 1100 plassar, blir parkeringsdekninga langt høgare enn det sentrumsplanen legg opp til. Prosjektil har påpeika at dette punktet må sjåast i samband med underdekninga i Bryne sentrum og dei trafikale utfordringane med dagens situasjon.

For å skapa ein meir «harmonisk silhuett» mot fv. 44, ønsker senteret å gå inntil to etasjar høgare enn sentrumsplanen. Påstanden er at det kan gje ein mindre massiv bygningsmasse.

Sentrumsplanen opnar for eit høghus på tomta, men på teikningane som er presenterte, er høghuset flytta nærmare sentrum enn i sentrumsplanen.

Prosjektil og dagleg leiar i Nedremarka Eiendom, Eli Ulveseter, meiner at planane slik dei ligg føre, vil gjera at M44 i endå større grad orienterer seg mot sentrum.