Kommuneoverlegen: Time har cirka 100 helsearbeidarar i karantene

KOMMUNEOVERLEGE: Øystein Fjetland Øgaard seier tysdag at cirka 100 personar manglar frå jobb, på grunn av karantene eller forkjølsessymptom.

KOMMUNEOVERLEGE: Øystein Fjetland Øgaard seier tysdag at cirka 100 personar manglar frå jobb, på grunn av karantene eller forkjølsessymptom. Foto:

Time kommune treng fleire (reine) hender på samfunnsområdet helse og omsorg.

DEL

– Me har cirka 100 stykk innanfor helse og omsorg som anten er i karantene eller heime med forkjølelse, seier kommuneoverlege Øystein Fjetlaand Øgaard tysdag føremiddag.

Karantene er for folk som kan vera smitta, og derfor må halda seg heime. Det må også tilsette som får feber eller luftvegssymptom.

Då seier retningslinjene frå Folkehelseinstituttet (oppdaterte 16. mars) at du skal du vera heime til eitt døgn etter at du er frisk.

Så langt har kommunen vore «heldig» ved at dei tilsette i karantene ifølgje kommuneoverlegen er jamt fordelte på einingane i kommunen. Særleg utsette for fråvær er små avdelingar med få tilsette, til dømes legekontora og på sjukeheimane.

Treng fleire folk

– Enn så lenge klarer me å utføra dei oppgåvene me har, ved hjelp av vikarar, folk som er i mindre stillingar og kan jobba meir, og så vidare, seier kommuneoverlegen.

Han spår at behovet berre auka på i tida framover. I stillingsannonsen på Webcruiter blir både alderspensjonistar (men ikkje dei med AFP) og heimeverande med erfaring frå helse- og omsorgssektoren, bedne om å ta kontakt for mellombels arbeid.

– Me er absolutt på utkikk etter ressursar. Nå, men ikkje minst i vekene framover, som kan vanskeleg å få dekte inn, seier han.


Artikkeltags