Slik blir valkvelden på jbl.no

Av

Jærbladet er tettast på kommunevalet i Klepp, Time og Hå.

DEL

Tre journalistar følgjer valet tett utover kvelden frå kvart sitt rådhus, og fortel deg kva som skjer i dei ulike kommunane.

Når valsekretariatet presenterer dei første førehandsstemmene klokka 21, får du tala på jbl.no innan kort tid.

Oppdatert grafikk

Opptalde stemmer blir presenterte fortløpande på nett, etter kvart som dei blir gjort tilgjengelege av Valdirektoratet.

Fram til alle stemmene er talde opp, får du førebelse oversikter over oppslutning i prosent og mandatfordeling.

Direktesending

Jærbladet sender direkte frå alle tre kommunane, med politikarintervju og stemningsrapportar.

Første sending blir klokka 20.00, frå Bryne torg og Mellombels, der vanlege folk og fleire av dei mindre partia, har valvake.

Ein time seinare, klokka 21.15 sender me frå Klepp rådhus, kort tid etter at dei første stemmetala er offentleggjorte.

Klokka 22.15 møter me politikarane i Time. På dette tidspunktet begynner dei politiske alternativa å utkrystallisera seg.

Frå 23.15 sender me frå Hå rådhus, idet dei siste stemmene begynner å komma inn.

Sendeprogram:

20.00: Mellombels. Bryne torg

21.15: Klepp rådhus, Kleppe

22.15: Time rådhus, Bryne

23.15: Hå rådhus, Varhaug

Artikkeltags