2411 fleire jærbuar stemte i år

Totalt gjekk 28.007 menneske i Klepp, Time og Hå til valurnene. Valdeltakinga aukar kraftig samanlikna med kommunevalet for fire år sidan.

DEL

– Det er gildt å sjå ein så stor framgang i valdeltakinga. 65,5 prosent i Klepp, sist gong var det 59. Det er eg veldig godt nøgd med, seier Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese.

Med 59 prosent valdeltaking i 2015 var Klepp ein klår jumbo på Jæren. Med årets 65,5 passerte dei Hå på lista. Det la både ordføraren og mange av dei andre politikarane på den felles valvaken i Klepp rådhus merke til.

Litt av æra gjev dei til sin eigen innsats i valkampen. Litt til at dei for første gong har hatt søndagsope vallokale i kommunevalet. Litt til Jærbladet si meiningsmåling rett før valet, som hadde store utslag i fleire retningar, og som dermed kan ha mobilisert veljarar. Og litt til at protestpartiet Folkeaksjonen Nei til mer bompenger stilte liste for første gong, og kanskje har mobilisert veljarar som elles ville valt å sitja heime.

Også Time har hatt ein kraftig auke i valdeltakinga. Den har gått opp frå 63,8 prosent ved forrige kommuneval til 69 prosent dette året. Det er ein klår førsteplass blant Jærbladet sine tre dekningskommunar.

I Hå gjekk valdeltakinga opp frå 64,4 prosent sist til 65 prosent i år.

Den nasjonale trenden er også at valdeltakinga aukar. Det nasjonale gjennomsnittet er i år 64,5. I 2015 var det 60,2. Dei tala betyr også at både Klepp, Time og Hå i år er med på å dra opp det nasjonale snittet.

Her er årets stemmetal:

Hå: 8932 (64%)

Time: 9693 (69%)

Klepp: 9382 (65%)

Landet: 2.664.470 (64,5%)


Artikkeltags