Visste du dette om kor lite som skal til for å endra valresultatet?

I Klepp, Time og Hå har eit parti tradisjonelt trengt pluss-minus 200 stemmer for å sikra seg éin plass i kommunestyret. Heile valet kan bli avgjort av slengjarar, for viss du fører opp nokon frå ei anna liste, gjev du også ein del av stemma di til den andre lista.