Gå til sidens hovedinnhold

Korneventyret: Øl og mat av jærsk havre og bygg

Bønder på Jæren kan stå i startgropa av eit korneventyr. Snart kan du både eta og drikka produkt av jærsk korn. Eit nytt gardsutsal er også i startgropa.

For abonnentar

– På Jæren er me store på mjølk, kylling og gris. Derfor er det litt kjekt å laga eit nytt produkt og prøva å auka interessa for det, seier bonden på Njå i Time.

Han har for fyrste gong levert havre som skal bli til havregryn i posane til Stangeland mølle.

– Eventyrleg sesong

Morgonsola sender gylne solstrålar over nyslåtte kornmarker. Havren ligg nå tørt og godt i eit heilt nytt kornlager på Laland i Klepp. Halmen er pakka i rundballar.

– Me har minimal kornproduksjon på Jæren i dag. Faktisk så har heile Rogaland berre ein prosent av den nasjonale produksjonen, fortel Bjørn Lende.

Og det vesle som er av korn på Jæren, hamnar som regel ikkje i frukostblandinga, men i trauet til kua. Dette kan det bli endring på. Fleire stader i Klepp og Hå er både bygg og havre hausta og blir nå klargjort for å nyttast til både mat og drikke. Ein del av denne havren har vakse hjå Bjørn Lende.

Bønder over heile Jæren melder om ein svært god sesong i år. Lende vil dra det så langt at han kallar det nesten eventyrleg.

– Det har vore eit sjeldan godt år. Heilt fantastisk, rett og slett. Me har for fyrste gong fått tre slåttar oppe på Njåfjellet og havren er også veldig fin. Det er ikkje sikkert me vil klara det like godt kvart år, men målet må vera at det skal vera liv laga over tid, seier han.

Nok mat til ein person eit heilt år

Bjørn Lende har dyrka bygg i fleire år, men starta med havre i fjor. Han fortel at havredyrking har lange tradisjonar på Jæren, sjølv om det har vore lite dei siste åra. For Lende sjølv er det fyrste gongen han leverer korn som skal bli til noko anna enn dyrefôr.

Når ein lagar havregryn, må ein ta skalet av havren. Lende fortel at dette utgjer om lag halvparten av kornavlinga.

– I vår produksjon blir dette, saman med halmen, nytta i mjølkeproduksjon. Totalt gir kvart dekar korn då rundt 300 kilo havregryn og i tillegg 400 liter mjølk. Lagar ein havregraut av dette, vil det gi nok mat til eit menneske i eit heilt år, seier Lende og legg til at det er litt ekstra kjekt å tenkja på at havren skal gå til mat.

– Eg vart eigentleg veldig imponert då eg rekna over kor mykje mat eg kunne laga av dette. Her ligg det eit kjempepotensial, og i eit kombinert-landbruk kan ein nytta alt.

Han dreg gjerne reknestykket lengre.

– Dersom me berre åt havregraut, ville me hatt nok mat til heile landets befolkning på kun halvparten av jordbruksarealet me har i Noreg, med så høgt arealutbytte, slår han fast.

Lende bruker gjødsel frå kyrne i sin produksjon og tilfører berre nitrogen, som blir utvunne frå lufta.

– Slik eg ser det, er det vanskeleg å sjå at matproduksjon kan gjerast meir berekraftig, seier han.

Trur på meir korn i framtida

Den ferske havredyrkaren trur det kan blir meir korn på Jæren i framtida.

– Med auka krav til spreieareal, kan ein måtta skrua ned husdyrproduksjonen. Då vil det opna for at arealet kan nyttast til anna, til dømes korn, seier han.

Sjølv om havregryna frå Njå kjem til å hamna i havregrynsposane til Stangeland mølle, har Bjørn ein større draum.

– Tenk om me kunne ha laga heiljærske havregryn. Det hadde vore bøse, smiler han og legg til:

– Norsk mat er populært, lokalmat er populært. Havre er populært. Her er det moglegheiter, slår bonden fast.

Malteriet på Laland

Like utanfor Klepp Stasjon – på Laland – viser ein stolt Sverre Grimstad fram ei ny, og i jærsk målestokk, unik bygning.

– Eg kallar det malteriet, men det er jo også eit kornlager, fortel Grimstad.

Nybygget heng saman med ein eldre silo, som nå er heilt full av havre. Nye lagringstankar inni malteriet er fulle av bygg, mykje hausta på eigen gard. Kornlageret har også teke i mot lokal kveite.

– Kornet er reint og fint utan sopp. Me har fått skikkeleg god kvalitet i år, seier Grimstad fornøgd.

Han står aleine bak firmaet Jæren malt og bygg, men har eit samarbeid med naboen, som dyrkar og leverer korn til malting, nærare bestemt torads bygg.

– Me nådde det akkurat å bli ferdig med malteriet før haustinga var i gang. Det er berre litt småplukk igjen, seier han.

Bygg til øl

Sverre Grimstad er heime i pappaperm med minstemann på ni månadar og hengjer frå seg babycallen på døra før han trår inn i nybygget. Dagen før har han og svigerfaren spreidd 2,6 tonn oppbløytt bygg utover murgolvet, medan babyen sat i vippestol ved sida av.

Her skal kornet liggja til spiring i fire-fem dagar før det blir tørka og kan kallast malt. Når det er ferdig, skal det nyttast til ølbrygging hjå lokale bryggeri.

– Når me maltar på golvet, får kornet ein annan smak, seier Grimstad og fortel at malteriet er laga på ein slik måte at det skal vera lett å ha kontroll over temperaturen.

Kornet som skal maltast må ha vore lagra ei stund. Derfor er kornet på golvet hausta i fjor. Årets bygg ligg trygt og godt i store tankar og ventar på å bli malta når det er klart.

Etter maltinga skal kornet tørkast i rundt eitt døgn, før det er leveringsklart.

Gardsutsal

Kornet som ligg til malting nå, skal til slutt enda opp hjå blant anna Rygr og Brix Brygghus.

– Det er lett å brygga godt øl med gode råvarer, smiler Grimstad, og legg til at det er gildt å halda på med noko som det er såpass mykje entusiasme rundt, som ølbrygging.

Han er sjølv ein aktiv heimebryggar og ønskjer også å tilby noko til andre som driv med det same. I eit lite påbygg til malteriet skal det koma eit gardsutsal for heimebryggarar. Her har Sverre også planar om å ta i mot grupper som vil koma og både sjå og smaka.

Sjølv om han lagar mykje godt øl sjølv, ser han stor pris på å få levera til dei som produserer i større kvantum.

– Det er ingenting som er kjekkare enn å sykla til Bryne og kjøpa seg ei øl du har dyrka råvarene til sjølv, smiler Grimstad.

Eitt av fire i Noreg

Malteriet og kornlageret på Laland er det einaste i sitt slag på Jæren, og eitt av fire i heile landet.

Til nå har Jæren korn og malt teke i mot til saman rundt 140 tonn havre frå fire bønder, to i Time og to i Klepp. I tillegg har Jæren Korn & Malt teke i mot ein tilsvarande mengde maltbygg frå både eigne jorde, naboen sine og litt frå Orre.

– Målet er at bøndene skal få litt meir igjen for å levera hit. Me vil ha dei rette folka – dei som tenkjer agronomi og mattryggleik, seier Grimstad, som deler draumen til Bjørn Lende om heiljærske havregryn.

– Hovudutfordringa er ikkje kostnadsnivået, men viljen til butikk-kjedene til å ta dette inn, seier han.