Korona-krisa: Framleis tre utgåver, men me må flytta måndagsavisa til tysdag

DEL

LederKjære lesar,

Me har levd i ei krisetid sidan midten av mars no. Du har sikkert lagt merke til at Jærbladet har hatt færre sider i papir. «Avisa er blitt så tynn», seier lesarar til meg. Eg beklagar det, årsaka er at me har mista store deler av annonsane. For å spara har me måtta redusera sidetalet. Me har permittert deler av arbeidsstokken, og no må me gjera meir, dessverre.

Mange er svært glade i papiravisa. Derfor er me letta for at me framleis kan koma i postkassa di tre gonger i veka.

Frå og med 19. mai får du Jærbladet tysdag, onsdag og fredag. Det vil spara oss for mykje helgearbeid i deler av mediehuset, og gjer at avisa sparer kostnader.

Me har halde alle journalistane våre i jobb, for å gje deg lokale nyheiter og gode lesaropplevingar. Det skal me framleis gjera. Eg håper på forståing for den vanskelege situasjonen koronakrisa har sett oss i.

Eg vil også takka for at stadig fleire les oss digitalt på nett og mobil. Her får du oppdaterte nyheiter sju dagar i veka. Bruk heile abonnementet ditt. Har du papiravisa, er alt innhaldet på nett ein del av abonnementet ditt.

17. mai blir annleis i år, men i Jærbladet gjer me vårt for at Jæren kan samlast digitalt. På grunnlovsdagen får du møta folk i sine finaste klede og med flagg i handa, frå Klepp, Time og Hå. Du treff oss på nett.

Kirsten M. Myklebust, ansvarleg redaktør i Jærbladet

Artikkeltags