Hå kommune har no sett opp følgjande dagar og stader for vaksinering:

  • Vigrestad legekontor 23. august og 30. august klokka 15.30-19.40.
  • Nærbø helsesenter 18. august og 25. august klokka 16.00-20.00.

I tillegg kan du bestilla time på apoteka i Hå. Apotek 1 Heilo på Nærbø vaksinerer to dager i veke 30 og 31, deretter ein dag i veka. Ditt apotek, Vigrestad, vaksinerer ein dag i veka frå veke 32.

Alle som er fødde i 1947 eller før kan bestilla, og Folkehelseinstituttet anbefaler at alle i den aldersgruppa tek ein fjerde dose med koronavaksine. Også andre sårbare grupper får tilbod om ein fjerde dose.

Time

I Time har dei sett opp tre dagar for drop-in-vaksinering på rådhuset, frå klokka 10:00 til 14:00 alle dagane:

  • 21. juli
  • 4. august
  • 8. august

– Det er ikkje mogleg å bestilla tid, møt opp på det tidspunktet som passar deg best, heiter det i meldinga frå kommunen. Også her er tilbodet til dei som blir 75 år i år eller eldre (fødde 1947 eller før).

Det er også mogleg å få oppfriskningsdose (4. dose) på Apotek 1 Kverneland og Apotek 1 Viben på Bryne frå veke 30. Her må du bestilla time.

– Om du har testa positivt, må du venta minimum tre veke til du kan ta vaksine, men lengre intervall vil gje betre immunrespons. Det må gå minst fire månader mellom tredje og fjerde dose, heiter det i meldinga.

Klepp

Klepp har ikkje oppdatert sine nettsider enno med konkrete planar for korleis fjerdedosane til dei eldste skal organiserast. Tidlegare i månaden melde dei at fleire vaksinedosar er bestilt, og desse er venta i slutten av juli (veke 29 eller 30).

– Når me veit kor tid me får vaksinedosane, vil me informera om korleis vaksineringa av den resterande gruppa av personar over 75 år skal gå føre seg, sa kommunen då.

Dei skal setja ein del vaksinar i eigen regi. I tillegg vil det for innbyggjarane i Klepp framleis vere mogleg å bestille time til vaksinering på Apotek 1 Lerka på Jærhagen.