Søndag mista ein mann i 20-åra førarkortet då Utrykningspolitiet hadde kontroll i Garborgvegen i Time, melder politiet på Twitter.

Han vart målt til 87 km/t i 60-sona, og dermed ventar det straffesak på mannen - i tillegg til at førarkortet vart beslaglagt.

Den øvre grensa for å få saka avgjort med forenkla førelegg, og utan å mista førarkortet, er 86 km/t i 60-sona.