Køyrde utan førarkort: Bilen vart avskilta og fekk bruksforbod

Ein ung sjåfør har blitt stoppa utan gyldig førarkort fleire gonger. Torsdag vart bilen hans avskilta.

DEL

Torsdag ettermiddag stoppa politiet ein ung sjåfør i Hå utan gyldig førarkort. Same person har blitt stoppa fleire gonger siste tida, men har likevel valt å setja seg bak rattet igjen.

Derfor valde politiet å gå til meir drastiske tiltak denne gongen.

– Bilen blir avskilta og jurist har utstedt bruksforbod på bilen, opplyser politiet i Sør-Vest.

Bilføraren blir nok ein gong meldt for køyring utan gyldig førarkort.

Artikkeltags