I sjutida måndag morgon melder Politiet i Sør-Vest om eit trafikkuhell på Nordsjøvegen (Fv. 44) i Hå.

Det er eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen. Vegbanen blir skildra som «veldig glatt».

Operasjonsleiar Bjarte Fisketjønn seier at hendinga skjedde ved innkøyrselen til Vigrestad, sør før Vadlandsvegen (Fv. 131).

– Det er ikkje nokon alvorleg skadde, men eg kjenner ikkje skadeomfanget ennå. Det ser ut til at det går greitt, annan trafikk blir dirigert forbi. Naudetatane er på plass, seier han kvart over sju.

Eitt felt måtte sperrast, men trafikken flaut greitt. Etter klokka åtte har Statens vegvesen fjerna varselet om at eitt felt er sperra.

Kartet markerer ein posisjon rett sør for krysset der Vadlandsvegen (Fv. 131) treff Fv. 44: