Jarle Obrestad gir smakebit på sitt komande album

KONSERT: Jarle Obrestad feirar singelen «Kor reiste du hen?» med konsert i Brix Brygghus på Bryne onsdag 28. august.

KONSERT: Jarle Obrestad feirar singelen «Kor reiste du hen?» med konsert i Brix Brygghus på Bryne onsdag 28. august. Foto:

Av

«Kor reiste du hen?» er skriven av Helge Torvund, jærdiktaren framfor nokon i vår samtid.

DEL

Onsdag feirar Obretad sin nye singel «Kor reiste du hen?» med konsert i Brix Brygghus på Bryne. Songen er tilgjengeleg for streaming 4. september, og det er den første songen på Jarle Obrestads komande album.

«Kor reiste du hen?» handlar om venen som drog. Teksten er skriven av Helge Torvund.

– Melodien er inspirert av hardingfeleslåtten «Skrubben», fortel Obrestad i ei pressemelding.

Artisten er fascinert av at slåttar har overlevd i fleire hundre år.

– Ved å nytta ei nerve frå norsk folkemusikk i ny musikk, håpar eg å gjera den nye musikken meir slitesterk, seier Obrestad.

Planen er å gje ut eit nytt album i 2020.

Jarle Obrestad har bakgrunn frå visesong, folkemusikk, bluegrass, rock og blues. Artisten fortel om eit inspirerande samarbeid med Helge Torvund, som skriv alle tekstane til den nye plata.

Artikkeltags