Klepp Høgre har i Stavanger Aftenblad avslørt sitt syn på landbruket. Det som med litt godvilje kunne tolkast som eit kunnskapslaust sleivspark frå kommunestyrerepresentant Morten Erga, blei seinare solid stadfesta av leiinga i Klepp Høgre i eit lesarinnlegg i Aftenbladet.

Der skriv dei blant anna: «På samme måte som norske skattebetalere aksepterer å subsidiere norsk landbruk, bør også bonden akseptere at i enkelte tilfeller må jordvernet vike til fordel for samfunnets beste.»

At Høgre i ein av landets mest produktive landbrukskommunar tenker slik, er både oppsiktsvekkande og urovekkande. At dei framleis forsvarar det, etter at dei har hatt tid til å tenke seg om, er kunnskapslaust.

Subsidiane til landbruket er ikkje ei gåve til oss bønder. Det er ei gåve til forbrukarane, blant anna medlemmane i Klepp Høgre. Skulle vi hatt betalt det det kostar å produsere maten, var det svært få som kunne ete seg mette i dette landet.

Jordvern er god beredskap

Å ta vare på matjorda er ikkje først og fremst noko me bør gjera for bonden si skuld. Kynisk sett kunne vi heia på meir nedbygging, då jord betalast mykje betre til utbygging enn til matproduksjon. I tillegg vil resterande matjord auke i verdi dess mindre det finst av ho. Bøndene blir heller ikkje dei første som svelt dersom landet blir råka av matmangel.

Å verne matjord er nettopp til samfunnets beste, ikkje minst til komande generasjonar sitt beste. Å snakke om landbruket som ei næring som har gått ut på dato og som av rein politisk godvilje kan haldast kunstig i live, er berre trist.

Å produsere trygg mat lokalt og nasjonalt er ikkje nostalgi og bonderomantikk. For verda er i endring. Det må også Klepp Høgre ta inn over seg. Å tru at verda vil forsyne oss med den all den maten vi treng, i all framtid, er rett og slett naivt.

For det er minst to ting som skurrar:

  • Vi har ingen garanti for at norsk økonomi vil halde seg så sterk i all framtid.
  • Vi har heller ingen garanti for at våre internasjonale handelsavtalar vil stå seg gjennom krisetider. Kvifor skulle det det? Blir det mangel på mat i Europa, er det ikkje sikkert Norge er landet som står først i matkøen. Kvifor skulle Europa dele med oss, eit land som i desse dagar håvar inn pengar på andre si krise? Utan å dele….

Å tenke det utenkelege

Landbruket er ei av få næringar som har ein politisk styrt målpris. Som bønder kan vi ikkje legge kostnadsauke over på varene vi produserer. Lønsemda i landbruket er sterkt svekka dei siste åra. Mange bønder har ikkje lenger økonomi til å drive jorda og produsere mat. Med dette perspektivet er det svært provoserande å høyre korleis høgrepolitikarane i Klepp sausar i hop subsidiar og jordvern.

Tilskot til norsk landbruk har mange formål. Kompensasjon for driftsulemper og høgt kostnadsnivå er viktig for å sikre bonden ei inntekt å leve av. Like viktig er det å sikre god dyrevelferd og trygg norsk mat til ein konkurransedyktig pris. Å sikre eigen matproduksjon er god beredskapspolitikk. For vi må våge å tenke det utenkelege.

Bondelaga i Klepp møter gjerne høgrepolitikarane for ein prat og litt vaksenopplæring om norsk matproduksjon.