Det er spanande å gå til statistikk for å finna ut korleis stoda er. Statistikk kan seia noko, men ikkje alt, og statistikk kan brukas til å underbyggja noko ein vil ha fram, alt etter kva ein vil ha fram. Jærbladet valde 12. oktober å ha fokus på utmeldingar frå Den norske kyrkja, og knytta det til debatten om nytt kyrkjebygg i Klepp.

Nå er det min tur til å leike litt med tala.

Me kan ikkje vita så mykje om kvifor folk melder seg ut av kyrkja, for me har ingen oppdatert undersøking om det. Men me har ei undersøking frå 2021 om dei som er medlemmer i kyrkja, og korleis dei tenkjer om medlemsskapet sitt. Då kan me seia ein heil del om kyrkja:

Trur på Gud

Den norske kyrkja er den største sivile samfunnsaktøren i landet. Me kan for eksempel slå fast at om lag 65 % av befolkninga på landsbasis er medlemmer av kyrkja. I Klepp er det faktisk 83 % av kommunens innbyggjarar som er medlemmer. Kyrkja samlar kvar veke tusenvis av nordmenn til samlingar og til frivilligheit – dugnaden i kyrkja er heilt enorm!

Men ikkje alle desse trur på Gud, seier både statistikken og undersøkinga. Det er ca. 42 % av medlemmane i Stavanger bispedømme som seier dei trur på Gud, og ca, 44 % som er i ein slags mellomposisjon, og berre ca. 13 % som seier at dei definitivt ikkje trur på Gud.

Me som jobbar i kyrkja veit at det finnes mykje tru blant medlemmane våre, for me treff dei faktisk rett som det er. Ja, ikkje til gudsteneste, kan hende, men me treff dei når livets høgtider skal markerast. 77 % har sjølv oppsøkt kyrkja eller ein kyrkjegard i løpet av siste året, og 40 % av medlemmane våre har snakka med ein prest eller ein annan kyrkjeleg tilsett i løpet av siste året.

Òg dei som seier at dei absolutt ikkje trur, finn vegen til kyrkja innimellom. Ca. halvparten av medlemmane seier at dei ber. Det er ganske mykje bønn, det!

Bygget betyr noko

76 % av medlemmane våre ville døypt barnet sitt om dei skulle valt det i dag. Dei har mange ulike motivasjonar: tradisjon, tru, behov for tilhøyrsle, å setja barnet sitt inn i ein samanheng dei sjølv tenkjer det er fint å vera ein del av. Det er ikkje godt å vite kva dei tenkjer alle saman, men ei dåpsgudsteneste i Klepp kyrkje er ei god oppleving, med glade menneskje både rundt døypefonten og oppe på galleriet.

46 % av dei spurde seier at kyrkjebygget betyr noko positivt for dei, 23 % seier at det har liten betydning, og 27 % seier at bygget har korkje stor eller liten betydning. Nei, det er langt i frå alle medlemmar i kyrkja som har eit varmt forhold til bygget, men det sanneleg mange som har det!

For liten

For kyrkja er så mykje meir enn dei som finn vegen dit på søndag føremiddag. Kyrkja er babysong og ungdomsklubb, eldretreff og sjukebesøk. Kyrkja er til stades når nokon har mist den aller kjæraste, eller når det nye livet skal feirast inn i storfamilien. Kyrkja er ein blom på åremålsdagen og ein kaffikopp og ein prat. Kyrkja er yrande liv med femteklassingar og glade og undrande fireåringar som får ei bok i gåve.

Og sjølv om kyrkja sitt liv vert levd òg utanfor kyrkjeveggene, er det ingen tvil om at kyrkja på Klepp, vakker som ho er, er for liten, òg på ein heilt vanleg sundag. For ikkje å nemne konfirmasjon eller jul eller dei til dei store anledningane.

Sjølv om ikkje alle innbyggjarane er einige i det, så har kommunen ein lovpålagt plikt til å syte for at kyrkja har høvelege lokalar til å driva arbeidet sitt i (Trussamfunnslova §14). Og dette skal ikkje vere diskriminerande overfor andre trussamfunn – dei får tilskot per medlem som skal tilsvara det kyrkja får.

Døra er open for alle

Mange av dei tala eg har tatt fram her syner ei negativ utvikling, viss ein ser dei saman med tidlegare år. Det er ein tendens som uroar oss og som er ein del av ei stor endring i heile samfunnet. Men like fullt kan me ikkje la vera å sjå på dei store positive tala.

At talet på døypte går ned, veit me, men me vil og ha fokus på alle dei 176 borna som vart døypte i Klepp i 2021, eller dei 147 i Time eller dei 167 i Hå. Berre i haustferien var det 14 born som vart døypte i Klepp kyrkje. 14 små liv som vart lagde i Guds hender. 14 familiar samla, fylt av glede over livets under.

Men når alt kjem til alt, spør ikkje kyrkja om du er medlem eller ikkje. Alle er alltid velkomne. Me har ikkje lov til å senda invitasjon heim til andre enn medlemmane våre når for eksempel 5-klassingane vert innbodne til «Lys Vaken» i kyrkja. Men når klassekameraten som ikkje er døypt har lyst til å vera med på det, er det ingen som spør etter medlemsskap.

Når kyrkjebygget vert opna til gudsteneste eller andre samlingar, er det ingen som spør om du er medlem. Når me samlast på grunn av ei ulukke eller ein annan krise, så står kyrkjedøra open for alle, uansett tru eller overtyding.

Glade for invitasjonen

Det er spanande med tal og statistikk, og ofte kan me få dei til å seia det me vil. Så kan me vri på dei og få dei til å seie noko anna som me heller ynskjer å fokusera på.

Det kyrkja uansett ynskjer for folk i Klepp, er å vere open for alle og å ha plass til å romme dei som kjem. Slik er det ikkje i dag.

Difor er me veldig glade for invitasjonen frå kommunen til å vera med i ei spanande sentrumsutvikling i Klepp.

Me ynskjer alltid velkommen ein brei og sakleg samtale om ny kyrkje, der fakta, lovverk og fleire sider av saka får si rette plass.