Matproduksjonen i verda er truga: – Matjorda på Jæren burde fredast

BONDEVEN: Bothild Åslaugsdotter Nordsletten seier at bøndene må førebu seg på uføreseieleg vêr og klima. Planlegging blir meir krevjande.

BONDEVEN: Bothild Åslaugsdotter Nordsletten seier at bøndene må førebu seg på uføreseieleg vêr og klima. Planlegging blir meir krevjande. Foto:

Jærbondens framgang og skapervilje har gått hand i hand med det moderne menneskets historie om seg sjølv. Nå blir urforteljinga utfordra, kva gjer jærbuen då?

DEL

– Eg trur ikkje alle er samde i at det trengst eit skifte, eller har innsett alvoret i det som nå kjem med klimaendringane. På den andre sida er den norske bonden omstillingsdyktig, og han har eigentleg ikkje noko val.

Under eit arrangement i Time bibliotek torsdag 29. august utfordrar Bondevennens redaktør, Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, bønder og lokalpolitikarar på korleis dei vil omstilla landbruket på Jæren.

Bakteppet for føredraget og ein etterfølgjande debatt med politikarar frå Klepp, Time og Hå, er ein ny rapport frå FNs klimapanel som skildrar samanhengen mellom klimaendringar og bruk av jord og areal.

– Den siste FN-rapporten om klima og matproduksjon seier at ved 1,5 graders oppvarming er risikoen for verdas matproduksjon «høg», og at ved 2 graders oppvarming er risikoen «svært høg». Det er ein svært alvorleg bodskap FN formidlar oss, seier ho.

– Den globale temperaturen er alt gått opp éin grad. Og det er dei færraste som har noko tru på at me greier å halda oss til 1,5 eller 2 graders oppvarming, legg ho til.

Landbruksdebatt

Stad: Time bibliotek, Bryne.

Arrangør: Jæren senioruniversitet og Jærbladet.

Tidspunkt: Torsdag 29. august, 11.00–13.30.

Føredrag: «Jærlandbruket i framtida: Dekk og diesel eller grønt lokomotiv?» ved Bothild Åslaugsdotter Nordsletten. (Startar 11.00.)

Debatt: Lokalpolitikarar frå Klepp, Time og Hå diskuterer utviklinga av landbruket på Jæren i lys av konklusjonane i den siste FN-rapporten.

Video: Arrangementet blir sendt direkte på jbl.no, og blir også tilgjengeleg i opptak.

Omdisponerer matjord

– Det er vanskeleg å veta heilt kva klimaendringane vil ha å seia for jærlandbruket, men me må forholda oss til at vêr og klima blir mykje meir uføreseieleg, og at det blir vanskelegare å planleggja sesongane.

FN-rapporten kom berre månader etter at det internasjonale Naturpanelet (IPBES) i ein tilstandsrapport slo fast at landbruket var ein drivarane bak eit massivt tap av økosystemtenester som trugar naturmangfaldet på jorda.

Einsretta landbruk og omdisponeringar av areal frå jordbruk, er lokale saker. I valprogramma til dei politiske partia står verdien av jordvern side og side med løfte om alltid å ha ledige tomter til næring og bustader.

– Jæren og Rogaland er ein jordvernversting, seier Nordsletten, og bruker som døme at 23.000 mål er planlagt omdisponert i regionen.

Eit arbeidsnotat laga i samband med Regionalplan Jæren viser at nesten 5 prosent av det totale jordbruksarealet i regionen allereie er omdisponert i planverket, før eventuelle tiltak rundt E39, dobbeltspor og Sola lufthamn.

Busetting legg press på matfatet

Jærkommunane er ikkje noko unntak. Til dømes arbeider Time kommune med å vedta sin nye kommuneplan, som skal gjelda fram til 2030. Her er det føreslått omdisponeringar på Hognestad, Kvernaland, Lye, Bryne og Undheim, grep Fylkesmannen og fylkeskommunen har varsla innseiing mot.

– Dette legg press på matjorda i ei tid der me veit at det blir vanskelegare å produsera mat på den jorda me har att, poengterer Nordsletten.

– Når du byggjer ut og opnar for stadig fleire folk, om du så gjer det på fjell, legg det press på naturressursane rundt. Matjorda på Jæren burde fredast om me verkeleg vil etterslekta det beste.

Lågmælte bønder må på banen

Gjennomsnittsbonden er ein mann på rundt 55 år, opplyser Nordsletten, som framhevar rekruttering av nye kollegaar som ei stor utfordring.

Den økonomiske risikoen aukar med opptak av gjeld til investeringar og med overproduksjon på det meste utanom grønsaker. Nye forbrukarvanar gjev merksemd om dyrevelferd, mindre etterspurnad etter kjøt og opphav til kjøtskam. Med klimaendringar kjem påstandar om klimaskuld.

– Alt dette stiller jærbonden overfor ein del nye problemstillingar som må svarast ut. Eg har ofte undra meg over at jærbonden er litt stille. Han produserer så mykje og er så drivande dyktig.

– Kvifor tar han ikkje bladet frå munnen og kastar seg inn i debatten?

Må opna seg mot samfunnet

Nordsletten seier det er viktig at bonden lyttar til signal frå samfunnet rundt. Dersom fallande etterspurnad etter kjøt blir ein trend, og grønsakproduksjonen skal opp, bør fleire beitedyr opp i utmarka, og dei fruktbare bøane på Jæren nyttast til grøntproduksjon.

– Eg trur ikkje det står på bonden, men omstilling kostar. Dersom samfunnet ønskjer nye produkt og produksjonsmåtar, må politikarane leggja til rette for det, slik at bonden har ei god og føreseieleg inntekt.

Bondevennens redaktør påpeikar at jærbonden har mange av føresetnadene på plass for å greia dei nødvendige omstillingane: ein legendarisk arbeidsiver og ein evne til å gjera ting på nye og lønsame måtar.

Naturleg del av næringslivet

Saman med jordvern, er den viktigaste oppgåva for lokalpolitikarane å snakka opp jordbruket, for å få fleire nye bønder. Ho ber om at må verdsetjast som ein sjølvsagt og verdifull del av det lokale næringslivet.

Til veljarar som ønskjer å stemma på eit landbruksvenleg parti ved det kommande kommunevalet, har ho følgjande råd:

– For det første ser dei etter eit parti som snakkar om landbruk og verdien av jord i truverdige ordelag i programmet, og som erkjenner at landbruket er ein sjølvsagt del av næringslivet og samfunnsberedskapen.

– Og så meiner eg at dei må sjå etter eit parti som set omsynet til klima og miljø høgast, fordi utan eit fungerande økosystem har me ikkje føresetnader for matproduksjon.

evennen

Artikkeltags