Då dei tilsette kom på jobb mandag morgon, var dekk og lykter fjerna frå lastebilen

Politiet var på plass hjå bedrifta på Orstad mandag morgon.

Politiet var på plass hjå bedrifta på Orstad mandag morgon. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Mandag morgon vart eit frekt tjuveri oppdaga på Orstad.

DEL

Ei bedrift i Orstadvegen på Orstad i Klepp kommune oppdaga mandag morgon at det hadde vore innbrot i løpet av helga.

Ein lastebil var sett på "bukkar" og fire dekk med felgar var fjerna.

Verdien på dekka er på rundt 30.000 kroner.

I tillegg har også lyktene blitt fjerna frå lastebilen.

Politiet var mandag morgon ute for å undersøkja nærare på åstaden.

Artikkeltags