Gå til sidens hovedinnhold

Legane blir nedringt: Dette gjer du når barn får luftvegssymptom

– Det er slitsamt når vaksne og barn er sjuke om einannan, og det kan verka som at det aldri tek slutt. Viss det er ei trøyst, så er de ikkje åleine om å ha det sånn nå, seier kommuneoverlege Gerd Signy S. Omland.

– Det er mykje forkjølelse og sjukdom som svirrar for tida. Legekontor og legevakta blir for tida nedringt av bekymra foreldre, opplyser Omland.

– Dei fleste luftvegsinfeksjonar hjå born er heilt ufarlege og går over av seg sjølv, legg ho til.

Omland er bekymra for at mange oppslag i media om RS-virus og koronavirus, kan skapa uvisse og forvirring om korleis du skal handtera alt.

– RS-viruset er eit vanleg virus som dei fleste har i tidleg barndom, men hjå enkelte av dei små kan det vera behov for legevurdering, slår Omland fast.

Kor tid bør du kontakta lege?

• Dersom barnet får rask og anstrengt pust, feber, hostar mykje, blir slapp og et lite

• Generelt bør terskel for å kontakta lege vera lågare jo yngre barnet er

Her er FHIs råd til foreldre for å redusera risiko for smitte av RS-virus:

• Hald barn med nye symptom på luftvegsinfeksjon heime frå barnehagen, også når koronatesten er negativ. Dette kan minska smittespreiing til andre barn, uansett virus. Som for andre sjukdommar, er me mest smittsame i starten.

• Småbarnsfamiliar bør unngå besøk av vaksne og barn som har luftvegssymptom – det er eit godt råd også når det ikkje er virussesong.

• I familiar med nyfødde og spedbarn, bør besøk avgrensast.

• Storesøsken må vaska hender når dei kjem heim frå barnehagen, før dei helser på spedbarn i familien.

• Dersom storesøsken blir sjuke, bør foreldre passa på at dei ikkje er tett på spedbarnet, sjølv om det kan vera vanskeleg i praksis. Dette er særs viktig i dei første dagane av ein luftvegsinfeksjon.

Her er nokre generelle råd – til både barn og vaksne – om kva du gjer med nyoppståtte luftvegssymptom:

• Hald deg heime – det hindrar smittespreiinga uansett virus

• Test deg

• Er testen positiv – bestill ny test hos luftvegslegevakta på Klepp via nettsida www.c19.no

• Ta koronavaksinen, om du ikkje har teke den enno