Jæren lensmannskontor har fått nye politistudentar. Nå er dei i gang med opplæring i utrykkingskjøring.

Det opplyser politioverbetjent Arild Oftedal.

– Me har seks studentar på Jæren og dei driv nå og øver. Derfor har det vore mykje utrykking i det siste, seier Oftedal.

Han opplyser vidare øvinga vil halda fram ein periode.