Prosjektil har på oppdrag frå Nedremarka Eiendom laga ein studie med seks alternativ for korleis parkeringsproblematikken kan løysast i vestre del av Bryne sentrum.

Studien bygger på planar som vart presenterte tidleg i 2019. Ifølge studien vil eit sentralt plassert parkeringsanlegg kunna fungera som «parkeringshub» både for Bryne sentrum og M44.

Dagleg leiar i Nedremarka Eiendom og senterleiar på M44, Eli Ulveseter, har arbeidd med områdeplanen for Nedremarka sidan 2016.

Framgangen i planarbeidet vart først forsinka av planar om utviding av fv. 44 og ein gedigen parkeringshall i fjellet under sentrum, som seinare vart forkasta – og sidan av ein brysam pandemi.

– Me har ganske mange konsept som ønsker seg til Jæren, som det ikkje er plass til. Det ønsker me å gjera noko med, men kjem ikkje vidare før me gjort nokre grep med infrastrukturen. Kapasiteten er allereie så pressa at det vil bli oppfatta negativt dersom me ikkje kan få til eit godt trafikkbilde, seier Ulveseter.

For lite plass

I heile 2021 sat Eli Ulveseter inne med eitt ledig lokale, på 89 kvadratmeter.

Senterleiaren seier at interessa for å etablera seg på regionsenteret Bryne, er stor, men at aktørane er på utkikk etter større lokale, frå mellom 400 og eit par tusen kvadratmeter.

– Sjøv om det har vore pandemi, er det veldig mykje som rører seg rundt. Det er mange spanande konsept der ute som kunne gjort totalpakka på Jæren endå meir komplett. Hovudmålet er at me ikkje skal over Skjævelandsbrua for å handla.

Ledige lokale til aktørar som treng mykje plass, er det få av på Bryne. Etter at Kommunal- og moderniseringsdepartementet sette foten ned for ytterlegare detaljhandel på Håland, er det i hovudsak M44 som er alternativet.

I studien til Prosjektil er «Rusta, Jula eller lignende» trekte fram som døme på type plasskrevjande aktørar som kan vera aktuelle for senteret. Ulveseter poengterer at det finst få aktørar av typen Plantasjen og Biltema som er store nok åleine.

– Big box-konsept av den typen lever veldig godt på Håland, men det er veldig få store aktørar som kan bu for seg. Biltema kan bu sånn, men me må hugsa at det finst mange store konsept som treng og vil, ligga saman med andre aktørar.

Vil «overta» rundkøyringa

Felleskjøpet Rogaland og Agder, som profilerer seg under namnet Bondekompaniet, har kjøpt tomt på Håland og selt sin eigedom til Nedremarka Eiendom. Som eit første steg i den vidare utviklinga, vil senteret riva Felleskjøpet-bygget.

Kort fortalt vil M44 «overta» rundkøyringa mellom Bryne Mølle og Shell-stasjonen. Alternativet inneber å stenga den eksisterande rundkøyringa i Arne Garborgs veg og i staden etablera ei ny rundkøyring, med ein arm inn til eit nytt parkeringshus.

Andrevalet til M44 er ein ny, femte arm på rundkøyringa i krysset fv. 44 / Arne Garborgs veg. Ulveseter påpeikar at alternativet er langt rimelegare, men det vil gje ekstra belastning i eit kryss som frå før er belasta i rushtida.

Tidlegare planar om å gå i tunnel under fv. 44, har M44 bevega seg bort frå. Ein stor kloakkleidning under parkeringsplassen nærmast fylkesvegen, gjer dette alternativet praktisk talt umogleg.

Vil gje betre flyt

Konsulentfirmaet Norconsult er engasjert for å sjå på verknader av trafikken som følge av dei seks alternativa. Null-alternativet, som alternativa blir vurderte opp mot, er ikkje å gjera noko med infrastrukturen.

Norconsult meiner at alternativet Nedremarka Eiendom ønsker seg, vil gje ei meir balansert fordeling av trafikk til og frå området på det kringliggande vegnettet. Kundar som skal til og frå M44, vil fordela seg betre på vegnettet.

Dei som reiser austover på Arne Garborgs veg, eller kjem ut frå Reevegen/Tinghaugvegen, vil oppleva forsinkingar fordi dei må vika for kundar som kjem frå det nye parkeringshuset i nord.

I sum vil trafikksituasjonen vera betre rusta til å tola ein trafikkauke utan at det vil oppstå overbelasting på enkelte punkt. Norconsult presiserer like fullt at så lenge ikkje noko blir gjort med fv. 44, vil det vera «vesentlige kø- og forsinkelsesproblemer» på vegnettet.

Tre år på overtid

Før pandemien var Nedremarka Eiendom klare til å gå vidare og endeleg landa områdeplanen som ifølge den opphavlege framdriftsplanen skulle vore sluttbehandla våren 2018.

– Me trykker på gasspedalen og er klar for å få nokre prinsippavklaringar. Det blir ikkje vidare utbygging viss me ikkje får gjort noko med det trafikale. Det er heilt avgjerande, seier Ulveseter.

Rogaland fylkeskommune skal gjera ei vurdering, før kommunen førebur ei sak om for utval for lokal utvikling. Prinsippavklaringa kjem truleg tidleg i 2022.