Møtet som demonstrantane skal samlast til, blir halde på Hotell Jæren på ettermiddagstid onsdag 1. juni.
– Me har ikkje oversyn over kor mange som kjem. Men me oppmodar flest mogleg til å koma, seier Guro Bjånes, styremedlem i Vern Kvernaland.
– For å driva vekkelse
Det er næringsorganisasjonen Treffpunkt Jæren som inviterer til møtet med tittelen «Dette skjer med Kalberg».
Vern Kvernaland skriv mellom anna dette på Facebook-sida si: «Med overskrifta «Dette skjer med Kalberg» har dei invitert eit topptungt panel til å driva vekkelse for eit gigantprosjekt som stampar i motbør, i ei verd full av kriser. For, kor lurt er det eigentleg å byggja ned matjord i ei tid der me står framfor ei internasjonal matkrise, og me må auka sjølvforsyninga vår kraftig.»

Batterifabrikken Beyonder går til Haugalandet

Aksjonsgruppa har fått en Beyonder-boost: – Nå vinner vi dette
Markeringa skal føregå ved at deltakarane held banner der bodskapen er at Kalberg-området ikkje må byggjast ut.
Guro Bjånes, som er styremedlem i Vern Kvernaland, seier at ho også skal delta på møtet på hotellet.
– Eg skal vera Vern Kvernaland sin representant, og me ønskjer å få med oss det som på dette møtet, seier Bjånes.

Kraftige ord i kommunestyret: «Sjeler selger seg som skjøger»

Kalberg-planen er vedteken, kampen held fram
Næringsministeren deltek
Seks menn og ei kvinne er innleiarar på møtet på hotellet. Dei sju i panelet er følgjande:
- Fylkesordførar Marianne Chesak (Ap)
- Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap)
- Eimund Nygård, konsernsjef for Lyse-konsernet og administrerande direktør i morselskapet Lyse AS
- Jone Wiig, grønsakbonde og dagleg leiar ved Jone Wiig gartneri AS
- Ståle Kyllingstad, gründer, investor og oljeservice-topp
- Per Haarr, styreleiar i Kalberg Utvikling AS
- Tor Kristian Gyland, administrerande direktør i Green Mountain.
