Mange tatt i fartskontroll på Nærbø

DEL

Politiet melder på Twitter at utrykkingspolitiet har hatt fartskontroll langs Torlandsvegen frå klokka 12.30 til 15.45. Dei delte ut heile 23 forenkla førelegg, ei melding og gjorde eitt beslag av førarkort.

Den som mista førarkortet hadde for mange prikkar.

Kontrollen skjer rett etter at ein person blei tatt i 96 km/t i 60-sone på Vigrestad. I Torlandsvegen var høgaste hastigheit 80 km/t i 60-sona.

Artikkeltags