Mannen var livlaus då han vart henta opp av sjøen og vart frakta til sjukehus med luftambulanse.

Mannen, som er i 60-åra, døydde seinare av skadane.

Fleire skilt

Ulukka skjedde i eit område med tidvis sterke straumar i sjøen, og Hå kommune har nå tatt grep og fått opp tydelegare skilt. Skilta fortel at det kan vera farleg å bada. Dei fortel også korleis du skal symja for å koma deg ut av straumane.

Det har vore fleire alvorlege hendingar i dette området. Dagen før drukningsulukka fekk fire personar i starten av 20-åra problem i sjøen og måtte ha hjelp til å koma seg ut av straumane.

Tore Stensland i Hå brannvesen var med på å setja opp dei nye skilta tysdag. Han har drive med dykking i mange år og er godt kjent i området, også med korleis straumane kan kjennast på kroppen.

– Folk begynner å kava rett i mot, og då er det akkurat som å gå på ei tredemølle. Du kjem aldri fram, seier Stensland.

Han fortel at ein må symja på tvers for å koma ut av straumen.