Mann meldt til politiet for containarbrann i Klepp

DEL

Klokka 23.55 fredag kveld skal politiet ha fått informasjon frå brannvesenet om ein containerbrann ved Selestranda. Brannvesenet fann ut at dei skulle la den brenne ut, då conteinaren stod midt på eit jorde og det ikkje var noko fare for spreiing av brannen.

Politiet skriv på Twitter at ein mann i 50-åra skal ha kome til staden og innrømt at han hadde starta brannen utan løyve. Mannen er difor meldt til politiet for dette.

Artikkeltags