Klokka kvart på fem natt til 17. mai prøvde politiet å stanse ein uregistrert crossar på Bryne. Føraren, èin mann i 20-åra, freista å stikke av, men kvalte motoren.

På Twitter skriv operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt at mannen verka rusa.

Han måtte til legevakta for å ta naudsynte prøvar.

– Anmeldt, skriv operasjonssentralen på Twitter.