«Ingen kjelver skal bli tatt!» stod det på plakaten til åtte år gamle Samuel (8). Han og faren var to av ei stor samling jordvernarar som klart og tydeleg svarte nei til å byggja ut Re/Svertingstad.

Vi treng unge hender i framtida, som vel å hauste mat frå jord til bord her i landet. Samuel representer framtida og då treng kommunen å legge til rette for jordbruk og ikkje bygge ned den produktive jorda av beste kvalitet.

Nå står Europa i ein heilt ny og usikker krise med krig. Ukraina er kornkammeret i Europa med sin store satsing på korn produksjon. Jordbruket i Ukraina har ein sentral rolle i matproduksjon. Dersom Ukraina ikkje får sådd og hausta korn, kan det oppstå kornmangel. «Det dyrkbare arealet i Ukraina er på storleik med Tyskland, Frankrike og Storbritannia» «Eller 40 gangar Norge sitt jordbruks areal» Nettavisen 2020

Pandemien og nå krig i Europa, har fått mange fleire nordmenn til å tenke nytt rundt mat. Vi kan ikkje ta for gitt at forsyningslinjene fra verden rundt, alltid er opne. Det er vanskelegare og dyrare å frakte matvarer på tvers av landegrensene som følge av pandemien. Matvarer blir dyrare, det likar vi slett ikkje her i landet. Derfor er det viktig å produsera mest mogeleg her. Vi har endra synet på kortreist mat til heile folket, og vi vil ha mat produsert på Jæren. Norge er 45 % sjølvforsynt. Denne prosenten blir stadig redusert, fordi matjord blir bygd ut.

Matjord er viktig av mange grunnar. Den produserer mat og genererer arbeidsplasser. Kor blir sådd og hausta. God jordkultur gir gode vilkår for livet i jorda. Jorda binde karbon og forsyne kulturplantene med næring. Jord spiller også en viktig rolle for klimagass utslepp. Ut fra eit beredskaps omsyn, bør vi produsere mest mogeleg av maten vi et sjølv. Matsikkerhet handlar om at alle skal ha tilgang til nok og trygg mat.

«Dyrka mark er en knapp ressurs. Bare tre prosent av Norges landareal er i dag dyrka mark» Regjeringa.no. Det tek fleire hundre år å danne god matjord. I praksis er difor jord ein ikkje-fornybar ressurs. Ofte må den verdifulle matjorda vike for å få meir plass til mellom anna bustadar, kjøpesenter og vegar. Det same er tilfelle i Time kommune. Folkevalde står i eit dilemma mellom næring og jordvern.

Statsforvalteren har vurdert utbygging Re/Svertingstad. Han ber kommunen «på det sterkaste» om å revurdera og snu om utbygging av Re/Svertingstad. Jærbladet 28. januar 2022.

Vidare uttaler Statsforvalteren «Jorda er av ypparste kvalitet. Det er gjort jordmonnskartlegging av NIBIO» Jordkvaliteten er svært god som igjen vil gje gode og årvisse avlingar» Jærbladet 28. januar 2022. Denne rapporten må dei folkevalde ta på alvor.

Ein krig og ein ny klimarapport har gjort at fleire og fleire folk endrar synet på jordvern. Eit lite stykke jord på Re/Svertingstad kan sjå lite ut i den store samanheng. Men alle dei små «kjelvene» kan faktisk metta nye generasjoner langt inn i framtida. Det må vi ikkje gløyme.

Eg ser fram til at folkevalde i Time kommune stemmer nei til Re/Svertingstad.

La «kjelvene» vera som dei er og ikkje rør matjorda.