Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Når det haustar og den norske frukta kjem i butikkane, har me mykje til å gle oss over. Norske pærer er det sjeldan å få tak i her, men plommer og morellar er der i sesongen.
Epla kjem etter kvart, og for meg er eit godt moge eple, anten det er Gravenstein, Elstar, Aroma eller Prins, verdas beste eple.
Butikkane har godt utval av norske eple fram til 1. desember. Då er det ein handelsavtale som opnar for import, og butikkane er kvikke å få på plass eit stort utval av utanlandske eple, endå om der er nok norske eple, som smakar betre, å få tak i.
I går var eg innom på Coop Obs på M44 på Bryne. Då var det rett nok norske eple å få kjøpt, men Gravenstein, som er mitt favoritteple, var borte. Det var der i førre veka.
Men utanlandske eple var der i stort utval, mest frå Italia. Eg trur eg talde fem sortar.
Eg veit av erfaring, at utover vinteren forsvinn dei norske epla bort. Det tykkjer eg er rart, for eg veit at kvaliteten på dei norske epla til å lagra er slik at norske eple kan lagrast til mai.
Eg veit også at dei norske fruktprodusentane har kapasitet å produsera nok kvalitetseple, det den norske marknaden treng.
Det er også slik at alle eg kjenner seiar dei saknar norske eple, for dei er best.
Elles er det slik at dei plassane i landet der epla vert produsert, er til vanleg bratte lier mellom berg og knaus der det er vanskeleg å driva eit anna landbruk.
Eg tenkjer på fruktbygdene i Hardanger, Sogn og Ryfylke. I desse bygdene er det vekst og velstand, som gir heile landet ein stor verdi. Tenk bare på ein tur når frukttrea blomstrar i Hardanger!
Eller om hausten då trea heng fulle av solmogen frukt. Kva ville turistlandet Norge vore dersom fruktdyrkinga ikkje var der?
Norsk frukt vert også dyrka med minst mogleg bruk av plantevernmiddel.
Eit anna poeng er at transport av utanlandsk frukt til Norge, gjer auka klimautslepp slik at klimamåla vert vanskelegare å nå.
På denne bakgrunn bør dei handelsavtalane som er, endrast, så dei vernar om den norske fruktdyrkinga. Når dei store kjedene, til dømes Coop, er så raske til å få utanlands frukt fram i butikken, kan ein stilla fylgjande spørsmål:
Er det bare profitt-tenking som rår?
Føler ikkje dei eit ansvar til å vera med å styrka norsk næringsliv?
Og kvifor tenkjer dei ikkje meir på oss forbrukarar, som vil ha norske eple til i mai. For det er dei norske epla som er best.
Eg vil oppfordra dei store kjedene til at dei tenkjer meir på å skaffa oss dei varene me vil ha, og ikkje bare tenkjer profitt.