Evakuer barna frå Moria no!

Av
DEL

LesarbrevFleire kommunar har no vedtatt å støtte oppropet «Evakuer barna frå Moria». På kommunestyret på tysdag håper me at ordføraren og kommunestyret i Time vil følgje med og støtte dette oppropet.

Fleire har noko lest og sett i nyheitene om dei katastrofale forholda i Moria i Hellas. Det bur i dag 20 000 i flyktningleiren Moria i Hellas, ein leir som var bygd for 3000 flyktningar. Mange av disse flyktningane er einslege barn. Dei lever i katastrofale forhold. Med koronaspreiing i Morialeiren, fryktar mange at det vil bli ei endå større krise.

Det er vanskeleg å stå utanfor og akseptere desse umenneskelege forholda, når me veit at det er så mykje kapasitet i dei dei ulike kommunane i Noreg til å hjelpe. Time kommune kan, saman med dei andre kommunane, ta i mot fleire flyktningar.
Me er glad for at fleire av kommunestyremedlemmene i Time allereie har sagt dei ønskjer å støtte oppropet. Å slutte seg til dette oppropet gjer me også eit signal til regjeringa om at dei må handle og at me i Time kommune ønskjer å hjelpe.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags