Reagerer på dokumentar: – Fil­min­ga frå grise­fjøs bur­de få retts­leg et­ter­spel

LOVBROT: Brennpunkt-dokumentaren viste fleire bønder som innrømte lovbrot. Innsendaren av dette lesarinnlegget reagerer på metode som vart brukt for å sikra dokumentasjon.

LOVBROT: Brennpunkt-dokumentaren viste fleire bønder som innrømte lovbrot. Innsendaren av dette lesarinnlegget reagerer på metode som vart brukt for å sikra dokumentasjon. Foto:

Av
DEL

MeiningarDy­re­vel­ferd har vore på agen­d­aen i nors­ke me­dia over lang tid, godt hjelpt av mat­til­syn, dy­re­vern­al­lian­sen og dyrevernaktivistar. Dyr skal ik­kje lida unø­dig. Det er det bon­den som har det hei­le og ful­le an­svar for. Både frå po­li­tisk hald og frå næringsliv blir det gitt lo­ver, for­skrif­ter og opp­føl­ging. Dei nors­ke bøn­de­ne er så­leis gitt fel­les ret­nings­li­ner og for­stå­ing. Og nors­ke dyr har det gjen­nom­gå­an­de svært godt, det gjeld geit så vel som gris, mink og andre hus­dyr.

Vi har i sei­na­re tid fått flei­re ek­sem­pel på at ein­skild­per­so­nar og grup­per tek seg til ret­te på må­tar som ik­kje er ein retts­stat ver­dig. På uær­leg vis, med løgn og ulov­le­ge me­to­dar finn dei fram til ek­sem­pel der lov og re­gel­verk vert bro­te. Så fram­stil­ler dei det­te som norma­len. Og ik­kje berre det, ein gjer po­li­ti­ka­rar og ei heil næ­rings­kje­de til løg­na­rar.

Der­som ein for­ven­tar at bøn­der skal hand­sa­ma hus­dyr som kjæ­le­dyr, ja, då trengs det san­ne­leg ei skik­ke­leg fol­ke­opp­lys­ning til.

Kva om det vart fil­ma med skjult ka­me­ra i andre be­drif­ter, ins­ti­tu­sjo­nar el­ler en­då­til i hei­mar? Det kan ik­kje vera slik at viss vi berre kan visa til lov­brot, er det ok å fil­ma med skjult ka­me­ra der ein måt­te ynskja det. Eg trur dei fles­te med sunn for­nuft vil for­stå at slik kan det ik­kje vera. Fil­min­ga frå grise­fjøs bur­de di­for få eit retts­leg et­ter­spel for å hind­ra gjen­ta­king.

At NRK val­de sen­da fil­men er et­ter mi mei­ning ille. At dei i til­legg for­ster­kar inn­tryk­ket ved å visa same bi­le­ta om att og om att, er ei enda verre. Ei så full­sten­dig ein­si­dig fram­stil­ling svekker til­li­ten til ka­na­len som se­ri­øs ak­tør. Når den som fil­mar til­syne­la­tan­de ik­kje skil mel­lom ko­se­dyr og hus­dyr, bur­de det lysa ei var­sel­lam­pe. Der­som ein for­ven­tar at bøn­der skal hand­sa­ma hus­dyr som kjæ­le­dyr, ja, då trengs det san­ne­leg ei skik­ke­leg fol­ke­opp­lys­ning til.

NRK bur­de også vita at med den ut­vik­lin­ga som skjer in­nan jord­bru­ket nå, er det som skjed­de for 5–6 år sidan for­el­da. Det er rett og slett do­ku­men­ta­sjon ut­gått på dato! Nye reg­lar for hus­dyr­hald, tett opp­føl­ging og kont­roll har gitt sto­re end­rin­gar i dy­re­vel­fer­da. I tillegg er Piraya film, som har re­di­gert opp­ta­ka og laga fil­men, eit sel­skap som er kjent for sine «skjult ka­me­ra»- fil­ma­ti­se­rin­gar. Flei­re av fil­ma­ne er svært kont­ro­ver­si­el­le med eit tvil­samt inn­hald.

Vi har eit mat­til­syn som for tida ligg nede for tel­jing. Ein av grun­na­ne sy­nest vera mang­lan­de kom­pe­tan­se på felt der dei er sett til å ha til­syn. Første steg i ret­ning av å opp­ret­ta til­li­ten att, både for seg og bon­den, vil vera å om­or­ga­ni­se­ra og sørga for at det er kom­pe­ten­te til­set­te som forstår lov­ver­ket og har inn­sikt i det å dri­va med dyr. Og enda eit ve­sent­leg mo­ment: Dei må møta bon­den med full til­lit. Slik er det ik­kje all­tid!

Som ein ro­par i sko­gen får ein svar! Er ein ute et­ter å fin­na feil, er ein ga­ran­tert å fin­na det.

«Gri­sen står og hy­ler i den stil­le kveld

Han skal ik­kje slak­tast, men hy­ler li­ke­vel.»

Mer­ke­leg at ik­kje Rag­nar Hovland, som har skri­ve den­ne teks­ten, er sett bak lås og slå for dy­re­mis­hand­ling.


Einar Mattingsdal

Forfattaren av lesarinnlegget er tidlegare lærar. Han voks opp på ein gard på Varhaug, som sonen hans har overtatt og driv.

LES OGSÅ:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags