Stakkars deg!

Ingrid Fiskaa, 1. kandidat for SV i Time

Ingrid Fiskaa, 1. kandidat for SV i Time Foto:

Av
DEL

LesarbrevBarn i fattige familiar har vore tema i eit par innlegg i Jærbladet no i sommar, sist ved Else Rege Grannes frå Time Høgre 31. juli. SV er glad for det engasjementet fleire viser. Det er skammeleg for kommunen vår at ungar ikkje kan vera med på fritidsaktivitetar på lik linje med andre. Sånn kan me ikkje ha det! Derfor synest me også det er bra at kommunen har ein handlingsplan mot barnefattigdom, og at heile kommunestyret slutta seg til SVs forslag om ei samla, årleg rapportering på kor mange barn som lever i fattigdom i Time.

Opplevingskortet som gir gratis tilgang til ulike aktivitetar, er eit steg i rett retning. Men SV har fleire gonger etterlyst svar på kor mange som faktisk brukar dette kortet. Når skal me få tala på bordet? Er dette eit tiltak som dei aktuelle familiane ønskjer seg, eller er det snarare eit tiltak som set den høgrestyrte kommunen i eit godt lys?

Slike såkalte "målretta" tiltak, som berre er tilgjengeleg for dei som har aller minst, viser seg dessverre ofte å vera lite målretta i praksis. For saman med aktivitetskortet kjem også stempelet og skamma: me er fattige. Me er ikkje som dei andre. Redselen for å bli gjenkjent som dei stakkars trengande, gjer at ungar frå fattige familiar heller trekker seg tilbake, og seier at dei ikkje er så interessert i å delta.

Det som verkeleg hjelper for å få foreldre og ungane deira ut av fattigdom, er ei inntekt å leva av og ein sterk velferdsstat med universelle ordningar - tilgjengelege for alle. Derfor utfordrar eg dei andre partia til å bli med på to tiltak med garantert effekt: La familiar som lever på sosialhjelp få barnetrygd på lik linje med alle andre, og reduser prisen på skulefritidsordninga (SFO) slik at alle har råd til å bli med.

For det er vel viktigare å motverka fattigdommen enn å klappa andre på hovudet og seia "stakkars deg"?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags