Klima før og nå

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Her vil eg trekka fram opplysningar om klimatiske forhold som eg har fått med meg frå diverse kjelder gjennom eit etter kvart ganske langt liv. I Bronsealderen var klimaet så varmt at alle dei norske breane etter istida smelta. Sannsynlegvis var sommarisen i Arktis også borte. Isbjørnen overlevde. Jæren var dekka av varmekjær lauvskog. Bronsealderkulturen lyser mot oss nesten som eit tapt paradis. Etter den eksepsjonelt flotte og varme sommaren i 1997 fekk me høyra at dette var normalsommaren i Bronsealderen. Eg var sikkert ikkje den einaste som tenkte “Eia var vi der!” At tidpunktet for perihel låg nærmare sommaren då, kan kanskje vera årsak til bittelitt av denne varmeperioden på våre breiddegrader, men så vidt eg kjenner til var det også varmare enn normalt på den sørlege halvkula.

Men så endra verlaget seg. Det blei kaldare, og skogen på Jæren forsvann. Dei norske breane danna seg på nytt. I Europa herja pestepedemiar, det var uro og folkevandringstid. Først bortimot år 1000 e. Kr. betra klimaet seg og me fekk ein ny varmeperiode. Island og Grønland blei kolonisert, det vaks druer i sør-England, kulturen blomstra og romanske og gotiske katedralar reiste seg mot himmelen, også i vårt land.

Denne varmeperioden gjekk også mot slutten, det ser vi av at dei første øydegardane opptrer før Svartedauen sette inn. Hekseprosessane starta. Forbausande mange “hekser” blei skulda for å ha bragt uår over folk og fe. Me gjekk inn i den såkalla Vesle istida. Breane gjekk fram. Kornprisane steig, det førte til misnøye, opprør og til slutt den blodige franske revolusjonen. Solaktivteten var på eit lågmål, nesten ingen solflekkar på 16-1700-talet. Bare eit tilfeldig samantreff? Heldigvis: frå 1880-åra byrja temperaturen atter å stiga. Serleg varmt var det i mellomkrigstida.

Det sørlege USA opplevde øydeleggande støv-og sandstormar. Temperaturen i Arktis steig som ein rakett rundt 1920, det blei spekulert i om den veldige ammunisjonsbruken i 1. verdskrig hadde påverka klimaet! For nokre år sidan blei flyfoto frå Grønland oppdaga i eit arkiv i København. Dei var frå 30-åra og alle var daterte. Dermed kunne ein lett samanlikna med dagens Grønland. Dei viste at isforholda på 30-talet var omtrent dei same som i dag.

Etter 2. verdskrig gjekk temperaturen nedover trass i stadig aukande menneskeskapt CO2. På 70-talet var det frykt for at vi kunne gå mot ei ny istid og ein rekna med store problem med matproduksjonen ved årtusenskiftet. Slik gjekk det heldigvis ikkje. Temperaturen steig, men etter det eg kjenner til, har det ikkje vore nokon signifikant auke i temperaturen dei siste 20 år. Dette blir også reflektert i ordbruken: i staden for uttrykket “menneskeskapt oppvarming” heiter det nå “menneskeskapte klimaendringar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags