Er nedlegging av Lyefjell barnehage «til barnets beste»?

Av
DEL

MeiningarMe har vel lenge visst at denne dagen måtte komme, dagen då me måtte ut og kjempe for barnehagen vår. Lille, stødige, solide Lyefjell med røter fast planta i Lye-bygda. 13 «barnehagefolk», 41 barn og 80 foreldre står i fare for å miste det trygge fotfestet sitt. Kvifor er det så viktig å bevare denne minste av dei kommunale barnehagane i Time?

Barnehagen er økonomisk veldriven, me held oss til budsjettet kvart år. Kvart år høyrer me om barnehagar som slit med underskot og dårleg økonomi. Lyefjell barnehage klarer å drive forskriftsmessig og forsvarleg, sjølv om me òg har merka meir press på økonomien dei siste åra. Det skal visst liggje økonomiske grunngjevingar bak den føreståtte nedlegginga. Me har vanskeleg for å sjå korleis dette heng saman. Heile personalet i Lyefjell beheld jobben, altså like lønnsutgifter uansett arbeidsplass.

Og ja, det vert mindre reinhaldsutgifter i Lyefjell, men desse utgiftene vil vel auke i Vestly barnehage når fleire avdelingar der etter planen vert tekne i bruk? Og vaktmeisteren vil framleis ha dette bygget å halde ved like. Me har sett mange eksempel på korleis bygg som står tomme, oftare vert utsette for hærverk, knuste vindauge og tagging.

Lyefjell har låge tal for sjukdomsfråværet og har alltid gode resultat på brukarundersøkingar og medarbeidarmålingar. Desse resultata har attpåtil resultert i kake frå kommunen. Me kjenner litt på bismaken av den kaka nå … Folk trivs på jobb i Lyefjell barnehage, og det gode psykososiale miljøet kjem òg barna til gode. Ifølgje kommunen er det ikkje kvaliteten på barnehagen som er lagt til grunn for forslaget om nedlegging. Dersom ikkje kvalitet har noko betydning, kva i alle dagar er viktig her i livet?

Foreldra har kort avstand til barnehagen. Dei kan gå til barnehagen med barna sine. Ekstra stas for barna er det når det kjem eldre søsken til barnehagen for å hente dei etter skuletid. Lyefjell barnehage har eit viktig familieperspektiv, me ønsker å sjå heile familien. Eldre søsken, som nå har blitt skulebarn, glitrar når dei får vere med på nissefest på låven, når dei vert inviterte til FN-kafé, påskefrokost og sommaravslutning. Og kva med den einslege, eldre dama borte i gata, ho som kvar jul får besøk av spente barn frå Lyefjell, barn som ivrar etter å få glede henne med ein liten juleblomst? Ho vil og kjenne på sakna etter barnehagen.

Me ønsker at foreldra skal få valfridom, ein fridom til å velje kva som er best for deira barn. Dei fleste barna vil nok få det fint i andre barnehagar, men kva med dei barna som treng det ekstra blikket, det ekstra fanget, den ekstra foreldresamtalen? Den ekstra tryggleiken det er å vere i ein liten barnehage? Det barnet som faktisk treng å vere i Lyefjell barnehage? Kva inneber omgrepet «til barnets beste», som det så fint står i FNs barnekonvensjon?

Me veit at målet til kommunen er å fylle opp dei ledige plassane som er i Vestly barnehage. Men kan det vere at det er Sporvongane barnehage som skor seg mest på ei nedlegging av Lyefjell barnehage? Lille, gode, private Sporvongane som nå kanskje vert den einaste sentrumsnære barnehagen på Lye. Kan det vere at kommunen indirekte støtter ei privatisering av barnehagesektoren gjennom ei eventuell nedlegging av kommunale Lyefjell barnehage?

Det handlar ikkje om at me i Lyefjell barnehage trur at me er så mykje betre enn andre barnehagar. Vestly barnehage er ein flott barnehage, tilrettelagt for god fysisk aktivitet både ute og inne. Det handlar om at Lyefjell barnehage har noko som få andre barnehagar har; ei sjel. Barnehagen har ei historie. Barnehagen har vakse opp i takt med Lye-bygda, den har greiner og røter langt ut i generasjonane. Barnehagen har tileigna seg den kulturen og dei tradisjonane som utgjer sjølve livsnerven i bygda. Det kjennest sårt og vondt at barn og foreldre i Lyefjell barnehage må betale prisen for kommunen si feilsatsing på Vestly. Lye-bygda treng sjela si, den treng Lyefjell barnehage. Takk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags