Maurtuå barnehage, ein trygg og framtidsretta barnehage

Av
DEL

LesarbrevKjære kommunepolitikar!

Gleda har så vidt lagt seg etter innviing av nytt fantastisk uteområde i barnehagen, før trusselen om å bli lagt ned plutseleg blir kasta over oss! Eit nytt uteområde til 2,2 millionar, skal nå kanskje stå ubrukt. Me har fått nedgravne søppeldunkar til 300 000 kr. Innvendig har barnehagen nyleg blitt renovert for 1,4 millionar, og det er investert i soveskur til dei minste. Me har heller ingen planar eller behov for nye store investeringar dei kommande åra. Kva skal lokala brukas til, om ikkje barnehage? Skal eit fullstendig flott og brukbart bygg plutseleg stå tomt?

Maurtuå barnehage er ein barnehage me er stolt av å sei at me arbeider i. Det er det fleire grunner til:

Me har eit stabilt personale, fleire av dei som arbeider her begynte då barnehagen opna i 1992. Sjukefråværet er lågt. Over fleire år har me vore blant barnehagane med lågast fråværsprosent, noko som tyder på høg trivsel og at me har eit godt nærværs arbeid. Det er attraktivt å arbeida her. Maurtuå barnehage scorar høgt på medarbeidarkartlegging. Me har og svært gode resultat på brukarundersøkingar frå foreldre. Siste undersøking frå 2018, har me ein score på 4,8 % av 5!

Målretta og grundig arbeid gjennom fleire år har ført til eit personale som sit på mykje kompetanse. Kunnskapen er godt forankra i alle og me er ein av få barnehagar i Time som er ein sertifisert Marte Meo barnehage. Me rettleiar både personalet og foreldra etter denne metoden, med gode resultat. Me er opptatt av trygg tilknyting, og legg til rette for dette. Me utviklar planar med fokus på til beste for barnet og reviderer desse i tråd med krav frå myndigheitene, nyare forsking og erfaringar frå kvardagen. Me arbeider kontinuerleg for å gjera verdidokumenta våre til gode arbeidsdokument som kan sjåast igjen i arbeidet med barna.

Nesten 90 % av personalet har utdanning innan barnehagefaget, med fagbrev eller høgare utdanning, samt fleire med vidareutdanning. Høgt fagleg nivå og kontinuerleg fokus på å vere i utvikling, gjer at vi om og om igjen får fornya kontrakt med Universitetet i Stavanger om å vera praksisbarnehage for framtidige barnehagelærarar. Me tek imot studentar og blir spurde om å halde foredrag inne på UiS. Me får gode tilbakemeldingar frå både studentar og universitetet. Det er viktig at dei får møta fagleg orienterte, aktive og reflekterte medarbeidarar når dei skal gjera viktige erfaringar for eigen yrkesutøving i framtida. Maurtuå barnehage bidrar til å rekruttere ferdigutdanna barnehagelærarar til kommunen gjennom å vera ein trygg, kunnskapsrik og god læringsarena.

Maurtuå barnehage vart tildelt tomta her då det blei bygd pga. nærleiken til skogen. Den er ei viktig kjelde til variert bevegelseserfaring for borna i Maurtuå. Fysisk aktivitet fremmer god fysisk og psykisk helse.

Barnehagen ligg godt tilgjengeleg til for alle som bur på Bryne. Me har lett adgang både med bil og sykkel. Me styrer trafikken ut av sentrum, barna kan naturleg bli levert på veg til eller frå jobb, noko som er i tråd med Time kommune som ein trafikksikker kommune. Me ligg slik til at trafikk til og frå barnehagen ikkje påverkar dei små som går til og frå skulen.
Maurtuå barnehage har stor søkjarmasse, og har fylt opp alle plassane våre i ei tid barnehagane slit med å fylle opp avdelingane sine. Søsken gjer at me kan sjå at det blir fullt også neste år, At foreldra søkjer plass til sitt barn i vår barnehage, er teikn på tillit og kvalitet – og noko me er stolte av!

Me har stor forståing for at det må gjerast vanskelege val og prioriteringar når det gjeld kommuneøkonomien. Men, det er uforståeleg for oss at ein nyleg påkosta, populær barnehage med høg kvalitet, vurderast lagt ned. Vi håper difor at våre kommunepolitikarar ser – og vil verne om, Maurtuå som ein trygg og framtidsretta barnehage – heilt i tråd med Time kommune sin visjon!
Bryne 27.11.2019

Hilsen tilsette i Maurtuå barnehage

Jorunn Anette Reime Byberg- barnehagelærar
Kristi H. Haavardsholm- barnehagelærar
Irene Håland- barnehagelærar
Rita Siqveland- barnehagelærar
Monica Tjosevik Dybing- barnehagelærar
Beth Tjelta- barnehagelærar
Inga Helen Salte Malmin-barnehagelærar
Lill Kristin Aasland – fagarbeidar
Asta Høyland-assistent
Margot Irene Meland- fagarbeidar
Randi Brådland Risa-assistent
Anne Lise Risa-fagarbeidar
Cecilie Stangeland- fagarbeidar
Hege Varhaug- fagarbeidar
André Alvestad Undheim- fagarbeidar

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags