Ja til flytting av ungdomsskulen på Undheim

Tidlegare Undheim-elev: Sondre Undheim Lokøy (17)

Tidlegare Undheim-elev: Sondre Undheim Lokøy (17) Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet å gå i ein klasse på rundt 15 stykk i 10 år, er altfor lenge. Korleis dei 10 åra på Undheim skule har vore, vil variere etter kven du spør, men eg smilte i alle fall då kommunen kom med forslaget om å flytta ungdomsskulen på Undheim til Lye.

Sjølv har eg gått på Undheim skule i 10 år. Eg var heldig og fann lett min gjeng, noko som gjorde dei 10 åra ganske bra, men her gjeld det å sjå alle elevane, og ikkje berre dei som finn sin gjeng. Er du uheldig og ikkje finn din rette plass i klassa, blant dei 15 andre elevane, vert det 10 lange år. Sjølv kjende eg at etter 10 år trengde eg, og dei fleste andre i klassen, eit miljøskifte.

Eit argument eg ofte høyrer mot å flytta ungdomsskulen, er «kvifor skal me flytta elevane som har det bra, berre fordi nokon ikkje trivst så godt i klassa si». Her gjeld det igjen å sjå alle. Om ein slår saman ungdomsskulane på Undheim og Lye vil ein framleis ha sine tidlegare venar med seg over til Lye, men samstundes få komme til eit nytt miljø med fleire elevar. For elevar som kanskje ikkje fann sin plass i den vesle klassa på Undheim, vil det vere sunt å komme til eit nytt og større miljø med fleire elevar og lærarar å spele på. Eg trur alle har godt av eit lite miljøskifte etter sju år saman.

Å slå saman ungdomsskulane vil eg tru kan vere med å styrke læringa. Du får fleire lærarar med forskjellige kvalitetar å spele på, og om du kanskje trivst betre på skulen, kan det vere motivasjonen for læring aukar. Med fleire elevar på skulane vil det òg kunne opnast for fleire valfag. Slik at du faktisk får ha eit valfag du sjølv synest er interessant.

Eg kan forstå kvifor fleire er skeptiske til flyttinga av ungdomsskule. Det vanlege er det tryggaste, og nye ting kan ofte vere litt skumle. Eit anna argument som blir brukt mot å flytte ungdomsskulen på Undheim, er at det vil verta lang skuleveg for fleire elevar. Skulle flyttinga av ungdomsskulen bli vedtatt, er eg sikker på kommunen vil komme opp med gode løysningar fortransport.

Sjølv om ungdomsskulen eventuelt vert flytta til Lye, vil ungdommane framleis ha ei sterk tilknyting og tilhøyrsle til Undheim som bygd. Det er trass alt berre ungdomsskulen som vert flytta, ikkje tilhøyrsla til elevane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags