Tilliten er brutt

Av
DEL

LesarbrevKva er eigentleg eit demokrati? Ordet demokrati betyr folkestyre, altså at det er folket som bestemmer. Så kan ein stille seg dette spørsmålet, er det eigentleg folket som bestemmer her i Time?

Fleirtalet på Undheim stemde nei til flytting av ungdomsskulen til Lye. Så kvifor høyrer ikkje politikarane på det me seier? Eg er sjølv svært skuffa over politikarane. Dei er absolutt ikkje gode forbilde for oss som er den yngre generasjonen, og eg følar at eg absolutt ikkje kan stola på dei lengre.

Spesielt ikkje etter at MDG har lova at dei skal bevare ungdomsskulen på Undheim, men på formannskapsmøtet 3. desember seier dei at dei er for flytting. Noko anna eg heller ikkje kan forstå er kvifor det er Undheim så må betala for at politikarane ikkje har kontroll på økonomien i kommunen.

Eg kjem aldri til å få tillit til politikarane igjen! Nå må dei verkeleg skjerpa seg om dette inntrykket skal endrast!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags