Advarsel, Undheim

Av
DEL

LesarbrevKjære undheimsbuar, det ser ut til at toget er gått for ungdomsskulen. Kommunen må spara, og då kan dei ta inn ein million på å senda ungdomen dykkar til Lye. At Miljøpartiet de Grønne var for å få bussar ut på vegane var jo kjent, men at det var skulebussar kom som ei overrasking.

At Time kommune i si tid kunne spara fleire millionar på å senda sentrumsungdommen til Undheim og Lye vart det jo protestert heftigt på, sjølv om det sikkert var fire stk på Bryne som var for det.

Men det er nok dykkar eigen feil. Her har de bygt kyrkje, samfunnshus, hoppbakke, museum, idrettshall, idrettsanlegg, lysløype osv og nå til slutt fotballhall på dugnad. Ja, idrettslaget har gjort seg meir fordelaktig bemerka i Norges fotballforbund enn kva Bryne FK har gjort i dei seinare åra. De burde jo ha forstått at grensa gjekk ved fotballhallen. Før de i det heile tatt tenkte på å byggja fotballhall og få positive overskrifter i avisene, burde nokon tenkt at nok var nok.

Misunning er ei sterk drivkraft. Før de bygde hall, burde de teke på dykk ansvaret med å byggja Bryne Torg og Møllepark. Dette kunne de antakeleg gjort nesten gratis og dermed ville skulen vore freda ut neste periode. Perioden deretter kunne de bygd ny symjehall på Bryne og dermed fått fire nye år med ungdomsskule.

Slik kunne de halde på til dei Bryne var fornøgde. Ver berre obs på at dei vil nok også ha eit museum før det tek slutt. Museet kan antakeleg liggja i 2. etasje i fotballhallen (som de nok og må byggja) til Bryne FK, her vil det nok også vera naturleg å inkludera premiesamlinga til fotballklubben.

Nei, undheimsbuar, det sikraste for dykk vil nok vera å etablera eigen kommune. Etter at de då har bygd eige sjukehus kan de jo selja legevakttenester til Time kommune.

Pass dykk, Undheim. Før de byggjer teater til revygruppa, eller operahus ved Taksdalsvatnet, ver klar over at då risikerer de at 1-7-trinnet må ha heildags uteskule kvar dag året rundt i Sandtangen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags