Kven har rett av rådmannen og kommunalsjefen?

Av
DEL

MeiningarEg viser til artikkelen på jbl.no 22.november, der kommunalsjefen for oppvekst i Time kommune svarar på lesarinnlegget mitt om det faglege arbeidet i skulebruksplanen.

Rådmannen skriv i økonomiplanen: "Relevant forsking tilrår ikkje kombinert 1-10 skule."

Dette avviser kommunalsjefen i sitt svar til Jærbladet: "Det er ikkje råd å seia noko eintydig, og det er heller ikkje det skulebruksplanen konkluderar med. Det einaste ein eigentleg finn, som muligens kan koplast mot skulestorleik, er den biten som gjeld skulemiljø."

Ingen ekstern forsking i skulebruksplanen underbygger momentet om skulemiljø og det er følgande basert på kommunen sine eigne konklusjonar.

Dersom dette med skulemiljø skal koplast opp mot flytting av ungdomsskulen på Undheim, viser derimot elevundersøkinga om læringsmiljø at 10. trinn på Undheim dei siste 5 åra ligg akkurat på gjennomsnittet for Time kommune. Desse resultata finn ein på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Kommunalsjefen uttalar vidare til Jærbladet: "Me har ikkje grunnlag for å seie noko bastant, og viss me skal seia noko i det heile tatt, er det berre om læringsmiljø."

Korleis ein då kjem fram til konklusjonen i skulebruksplanen om at ein skulestruktur med større skular vil kunne vere positivt både for skulemiljøet og for kvaliteten, er for meg vanskeleg å forstå.

For ordens skuld tek eg atterhald om at kommunalsjefen er sitert korrekt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags