Time kommune motarbeider folkehelsa

Kritisk: Svein Ove Risa er ein over middels aktiv undheimsbu. Han kritiserer rådmannen for å motarbeide folkehelsa.

Kritisk: Svein Ove Risa er ein over middels aktiv undheimsbu. Han kritiserer rådmannen for å motarbeide folkehelsa. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEtter å ha lese gjennom planen til rådmannen for økonomien i Time kommune komande år, har eg nokre vurderingar som eg gjerne vil dele med dykk.

I første kapittel av planen skriv rådmannen at største satsing i perioden 2020–2023 er FOLKEHELSE. Det kjem i planen eit heilt avsnitt om folkehelse og det vert her teke opp dei største utfordringane me har føre oss:

  • Aukande førekomst av psykiske plagar og lidingar, spesielt blant unge
  • Høg del unge uføre
  • Låg dekningsgrad av nærturterreng og naturområde
  • Låg fysisk aktivitet blant innbyggjarane generelt
  • Aukande førekomst av overvekt og fedme

Her er rådmannen heilt på høgd med resten av verda:

Verdsorganisasjonen for helse (WHO) seier i ein rapport at 80 % av alle ungdomar i alderen 11–17 år i Norge er for lite aktive.
Norges Idrettsforbund seier og at den største utfordringa er fråfallet frå idretten i ungdomsskulealder.

Så all honnør til Time kommune som set dette øvst på dagsorden i økonomiplanen sin, men så vil kommunen setje 50–60 ungdommar i denne viktige alderen minst 1 time til dagen i buss.

Per dags dato er det nokre prosent ungar på ungdomstrinnet på Undheim skule som har rett på skuleskyss, resten syklar, går, sparkar eller joggar til skulen. Dette vil kommunen ta frå dei!

På fritida er mange av ungane med på fotball, friidrett, turn, handball, volleyball, dans eller kanskje fleire av desse tinga. Ein time per dag av dette vil kommunen ta frå dei.

Det snakkast fint om å få nye vener og ha fleire valmoglegheiter på fritida dersom ungane reiser til Lye. Dette er vel og bra, men å då vera i fysisk aktivitet med å sykle eller gå til for å treffe vener har dei ikkje moglegheit til. Den moglegheita tar kommunen frå dei!

Med andre ord vil Time kommune med å flytte ungdomstrinnet på Undheim skule redusera ungdommane sin daglege normale fysiske aktivitet og dei vil redusera deira moglegheit til å drive med fysiske aktivitetar i fritida.

Det er jo kjent, til og med for politikarar, at fysisk aktivitet er bra for både psykisk helse og reduserer førekomsten av overvekt og fedme.

På Undheim har me alltid hjelpt kommunen med å innfri sine fine mål i forbindelse med Folkehelsa.

  • Me bygde tursti med lys langs elva så folk kunne gå tur heile døgnet
  • Me byggjer opp eit fantastisk idrettsanlegg som aukar aktiviteten for ungdommar frå heile kommunen (les Lye/Bryne) og nabokommunar
  • Me legg til rette for turstiar over privat mark i nærmiljøet for at folk kan vera meir aktive
  • (Kan hende Ti turar i Time, vert Ti turar på Bryne i framtida?)

Og takka frå Time kommune er å stengje ungane inn på bussar og køyre dei rundt på kryss og tvers i fritida deira, nokre på timevis, for å koma til og frå skulen.

Rådmannen uttaler at dette berre er snakk om pengar, vel her er nokre forslag til dykk for å spara millionen:

  • Er bysyklar på Bryne nødvendig? – Sikkert betre folkehelse om folk går dei korte avstanden på Bryne. 120 000 kr spart.
  • Utskifting av leasingbilar – dei fungere nok eit år til. 400 000 kr spart.
  • Folkevaltopplæring og studietur – med tanke på økonomien i kommunen kan nok dette gjerast på rådhuset, eventuelt gratis i hallen på Undheim. 250 000 kr spart.
  • Kunstnarisk utsmykking av kommunale bygg – er 2 millionar kroner nødvendig? Kan sikkert spare 1 million her.
  • Det rosa lyset i Mølledammen kan sikkert også skrus av for å spare pengar.

Med desse enkle grepa vert 1 770 000 kr spart.

Vanskelegare er det ikkje, der redda me både folkehelsa og kommuneøkonomien.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags