La ungdomsskulen få vera i fred

Av
DEL

LesarbrevDet er nok ikkje enkelt å vera rådmann i ein kommune med dårlig råd. På tradisjonelt vis kom forslaget om å flytta ungdomsskulen frå Undheim til Lye. Eit forslag som bygger på dårlig forarbeid, tilpassa argumentasjoner og i beste fall tvilsam gjetting på kostnadskutt.

Undheim/Eikeland som skulekrins er geografisk stor. Ein stor del av elevane er avhengig av busstransport for å koma seg til og frå skulen. Eg er ikkje imponert av kommunen sin noverande transport-gjennomføring. Om morgonen går bussen slik at alle kjem fram til skulestart. Bussen går heim når alle elevane er ferdige for dagen. At enkelte elevar må vente ein time eller to på skulen er liksom greitt. At enkelte elevar får sjå store delar av skulekrinsen før dei ser sin egen kjære heim, er ifølgje kommunen også akseptabelt. Eg ser ingen grunn til at denne problematikken skal bli betre eller økonomisk forsvarleg ved å flytta ungdomsskulen til Lye.

Som eikelandsbu har eg etter kvart fått eit nært forhold til Undheim. Eg har blitt glad i Undheim. Undheim er kjent for samhald, pågangsmot, dugnadsvilje og stoltheit. Ungdomsskulen er ein bit av det vakre puslespelet "Den grøna bygdå".

Kjære ordførar, rådmann og politikarar. Me er ei bygd, ei stolt bygd. Me vil vera som me er, og me vil behalda det me har. Ei flytting må ikkje føregå på grunnlag av tidlegare økonomiske utskeiingar i kommunen. Nå må ungdomsskulen få vera i fred.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags