Ein gong trilla tårene

Den nye kvardagen: Slik ser det ut når Bryne speler kampar i 2019. Biletet er frå oppgjeret mot Brattvåg for ein månad sidan. Kommentarskribenten mimrar tilbake til ei tid då Bryne var eit topplag og hadde tusenivs var tilskodarar.

Den nye kvardagen: Slik ser det ut når Bryne speler kampar i 2019. Biletet er frå oppgjeret mot Brattvåg for ein månad sidan. Kommentarskribenten mimrar tilbake til ei tid då Bryne var eit topplag og hadde tusenivs var tilskodarar. Foto:

Av

Medan sundagane har vorte til lesing av gråe tabellar, dukka minna opp frå sommaren for førti år sidan då Bryne og Viking leverte derby som skaka alle sokna i fylket.

DEL

KommentarOm eit par dagar er det førti år sidan. 2. juli 1979 var det. Sommar på Stavanger Stadion. At det var sommar har eg googla meg fram til. Men eg hugsar ennå han med den kvite og blåe båthatten som heiv den opprivne billetten opp i lufta då fløyta gjekk. Dei andre hadde vunne. Eg gjekk ned betongtrappene og bort mot tennisbanane mens far haldt meg i handa. Tårne trilla nedover kinna. Bryne hadde tapt 1-0. Eigentleg skulle eg vore Viking-fan. For det var der me gjekk på kampar den sesongen. Ein nabogjeng frå byggefeltet på Ganddal hadde kjøpt sesongkort.

Menn seint i tjueåra stua seg saman inn i ein bil. Før nokre visste kva miljøvennleg var. Røyk vart tend, og eg sat på fanget. Og anna kvar sundag køyrde me mot Stavanger. På vegen mot byen var det motorveg, som gjekk eit kort stykke frå tunnelen på Auglend og inn. Køyrde ein for fort hamna ein rett inn i Kunstforeininga sitt hus, som såg ut som noko frå det romerske imperiet. Bygget låg med innfartsåra som hadde det keisame namnet Madlaveien. Texacoen på hjørnet der, og så opp og parkera i skogen. Metrane opp mot stadion.

Eg var snart fem og eit halvt den sundagen i juli. Men tårene signaliserte eit val i livet. Det var dei raude og kvite som var mitt lag, jamvel om eg hadde sett på Knappen og Kvia og Svendsen og Refviken heile året. Han siste jobba på ein bensinstasjon på Mariero. Han nest siste på Sandnes Trelast, i alle høve er det det eg innbiller meg at han gjorde. Svendsen hugsar eg ikkje kva gjorde den gong, men seinare var han journalist i RA. Avisa vart levert av ein tjukk mann på moped kvar morgon klokka halv sju og gjorde at me ungar vakna til ein ny dag. Vår avis kom med sykkel om ettermiddagen og ein kunne så far dekka av den etter jobb. Men som einaste unge i gata fekk eg vere med på kampar. Dei hine måtte vere heime, jamvel om dei haldt med Viking.

Spelarar kjem og går før ein har lært seg namna på dei.

Det vart Bryne av di farfar kom derifrå. Han hadde knapt budd der sidan han var tjue. Den gong var Bryne ein liten stad med eit godt gymnas. Med to sportsforretningar med namn på eigarane. Eg var kun på Bryne morgonen julaftan. Innom hos oldefar med farfar. Oldefar sa aldri noko. Han var for oppteken av Jesus, og hadde ikkje varmen som mine andre oldeforeldre på Sørlandet hadde. Likevel var me på Bryne året etter farfar og eg. Handla slange til min fyrste gamle sykkel hos Hjalmar Thu. Inn kom den nye Bryne-trenaren, som tala engelsk. Brian Green var namnet, han var nok betre enn Knapp tenkte eg då eg såg han. Farfar fortalde om tårene året før. Brian klappa seksåringen på hovudet og sa dei dei skulle slå dei neste gong. Det gjorde dei og. I den fantastiske 1980-sesongen.

Mange år seinare intervjua eg Brian Green i Rochdale kor han kom frå. Han var gamal og grå, men hugsa alt frå tida i Bryne, og kunne ennå utbrodera styrken og svakheita til kvar ein spelar. «Eg trur at om Arne Larsen ikkje hadde gått hadde me vunne serien det året», sa han i 2008 og let Økland vere ute av samtalen. No seier han ikkje meir. Nokre år etter heiv han inn handkledet. Men eg er glad for at eg trefte mannen som tok to sylv med Bryne.

Det er 40 år sidan det byrja no. Og me som var born den gong er vidarekomne. Ballar éin ein gong nådde ser ein trilla forbi, jamvel om hovudet er på dei. Eg tenker attende til den tida og minnes alt som var rundt det. Rivaliseringa mellom dei to klubbane, med to galne formenn i føringa og med Gabriel og Torbjørn Svendsen i Aftenbladet som fyrde opp stemninga anna kvar veke. Gabriel, var alltid Gabriel, aldri Høyland. Og han var, i høve Viking-fansen «sure». Det var godt å vere Bryne-fan på 80-talet. Tak fekk dei og, som i Stavanger. Jamvel VIP, før VIP var eit kjend ord. I kulissane skreiv Rune Hauge kontraktar med spelarar andre drøymde om. Det var før det var proff, og pengane måtte kome under bordet og i form av alle slags rare avtalar. 1987 var sjølvsagt ein slags topp. Cupfinalen såg eg heime, men far lova at me skulle på returkampen, rett før Ekker avgjorde. Eg var litt skuffa då. Ville til Ullevål og likte ikkje at dei skåra, sjølv om det var stas med pokalen.

Det slår meg no, når Bryne skrapar botnen av 2. divisjon at den tida aldri kjem igjen.

Den milestolpen er det over 30 år sidan. Og tida går. Bryne kom seg aldri ut av 80-talet, og kom aldri meir til hektene. Det korte besøket på øvste nivå i starten av dette tusenåret var langt frå nokon gjentaking av det som ein gong var. Det var ein kamp for å overleva. Men ingen skreiv lengre i avisene og fyrde opp den gong. Ingen var sure, og fleire bønder hadde lant ned og flytta til byen, eller i leilegheit.

Folk vart det òg færre av, jamvel om både Stavanger og Bryne hadde vekse markant sidan 1979. Det slår meg no, når Bryne skrapar botnen av 2. divisjon at den tida aldri kjem igjen. At dei som leikar rivalisering no berre har høyrt nokre soger frå 1900 og den gong. At andre lag har kome og gått forbi. Ulf, EIK, FKH, og alle slags andre lag som kom og gjekk i fotballfaunaen til Rogaland. Det var tider då Vidar, Haugar, Vard og Djerv 1919 spelte uavgjort i gamle 2. divisjons delte avdelingar. Det var tider då oljealderen slo inn for fult og folk trilla sement på NC. Og så var det derby nesten som i England den gong. Og folk drakk murarar på ståtribunane om sundagskveldane.

Sidan den gong er grensene flytta. Fotballen er proff no. Spelarar kjem og går før ein har lært seg namna på dei. Folk kan sjå fotball kvar dag, og vert dynka ned med ligaer frå Kasakhstan til California. Roglandsfotballen hadde ein cupfinale med gamle rivalar i 2001, men det var i grunnen siste gong det var noko som gjaldt. Og den gong var det kaldt, guffent og over før det bryja. Eg grein mine tårer for 40 år sidan og starta eit slags forhold med Bryne. Me var alltid i mindretal på Ganddal, og i Sandnes generelt. For alle var Viking, og eg vil tru dei fleste er det ennå, jamvel om fenomenet Ulf dukka opp nokre sekund.

Den gong var lokalfotballen kompisgjengar som drakk øl. Årsfestar som kom ut av kontroll. Kvart lag sat på sin haug, og alle budde i same bygd, bydel, grend. No er alt endra, jamvel i lokalfotballen. Avisene streamer kampar til ein stadig meir metta fotballmarknad, men kanskje er lokalfotballsida på facebook ein slags nostalgitripp til den gong då spelarane jobba på bensinstasjonar og hos trelasten. Rogalandsfotballen er ikkje kva den var. I årevis har Viking vore den sjuke mannen i Jåttåvågen. Dei skulle vore konstant topp fire i Noreg ut frå ressursar, jamvel om dei i dag har kome litt til hektene etter elefantkuren.

No drøymer eg ikkje lengre, men kikkar oppgitt på tabellen

Bryne er som de veit ein annan stad. Det er ingen ungar som grin på tribunane når dei taper lengre. Tilskodarane vert stadig gråare, som eg. Snart er rivaliseringa frå 80-talet like fjernt som storlaga til Ålgård og Vigrestad var den gong. Mellombels lyser det frå dei tusen mobilar med resultat frå Fister til Flekkefjord. Men eg kjenner ikkje spelarane lengre, jamvel i bygda eg vaks opp i. Det er berre namn att, namn som ikkje seier meg noko. Og eg sit att med skuggar frå ei fortid som aldri kjem attende. Og minna om tårene den gong for 40 år sidan då draumen om siger vart knust.

No drøymer eg ikkje lengre, men kikkar oppgitt på tabellen, og kjenner at eg stort sett ikkje bryr meg. Om nokre år vil eg vere blant dei siste som hugsar. Dei siste som kan fortelje koss det var å sjå titusen rogalendingar pakka inn på stadion og ropa på sine lag. Det er litt trist, men samstundes er det som livet. Den fine barndommen seier lite om kva som kjem seinare. Men djupt der inne ein stad, sit den vesle guten i meg framleis og vonar. Vonar på ein ny trenar som kan love siger over Viking i neste seriekamp og levere ein einaste siste gong før førti nye år har godt og eg vert 85.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags