17.30 tysdag fekk politiet melding om ein krangel mellom to personar i ein bustad i Bryne sentrum.
– Politiet rykka ut og det viste seg at det hadde vore ein konfrontasjon mellom eit ektepar. Kvinna skal ha slått mannen, opplyser politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.
Politiet har oppretta sak på kroppskrenking.
– Det skal ikkje vera store skader og mannen vart ikkje sendt til legevakt, opplyser Slettebø vidare.