Minneord over Leif Normann Andenes: Ein kulturens pilegrim er gått bort

 Den lokale kulturnestoren Leif Normann Andenes er død.

Den lokale kulturnestoren Leif Normann Andenes er død.

Av

Det var med stor sorg me tok imot meldinga om at vår gode venn og mangeårige styremedlem i Bryne kunstforening, Leif Normann Andenes, er gått bort.

DEL

MinneordLeif sat uavbrote i styret i heile 50 av kunstforeiningas 64-årige liv, og i 2005 vart han utnemnd til første og hittil einaste æresmedlem. Etter 2009 var han ikkje på val. Det var ikkje lenger mogleg å tenkja seg eit styre utan Leif.

Gjennom sine 50 år i styret var Leif sentral i utviklinga av Bryne kunstforening. Han var med å bygga opp samlinga, med verk av sentrale kunstnarar. Han var ivrig pådrivar for samarbeid med andre kunstorganisasjonar og sat også ei tid i styret i Rogaland fylkeskunstlag. Leif ivra for å taka vare på kunstforeiningas posisjon som visingsstad av høg kvalitet og det var ei stor glede for han då me endeleg fekk oppfylt draumen om eigen visingsstad i Bryne mølle.

I løpet av si tid i styret var Leif involvert i rundt 350 utstillingar, ofte som premissgjevar. Det vil seie at Leif bidrog til å gje meir enn 100 000 kunstopplevingar til besøkande.

Leif var hjarte og hukommelse i styrearbeidet og like mykje ein kulturinstitusjon som privatmann. Han opna utstillingar og skreiv årsmeldingar på ein måte ingen andre kan gjera han etter. Han var ein me kunne spørje om råd, ein som hugsa kvifor og kva som skulle gjerast, ein som føreslo kunstnarar og titt ringde for ein god drøs. "Hei, det er hin gamle" innleia samtalane, og me visste at me kunne sjå fram til å løysa små og store problem eller berre diskutera laust og fast om korleis det gjekk i foreininga, i verda og i livet elles.

Leif var uvanleg kunnskapsrik og ein vennleg og raus mann. I kunstforeininga var han navet, sentrum som alt graviterte rundt. Han hadde ei sjeldan evne til refleksjon og initiativ, visste kva som måtte gjerast og utførte det. Han oppsøkte gjerne lokal presse og bestakk kvinnelege journalistar med ein blom for å få dei til å skriva om utstillingar. Og han kjefta mildt på dei om dei let vera. Han var òg tittgjengd i gangane i Time rådhus for å minna om ting som måtte ordnast i Mølla eller anna som han meinte kommunen burde ta tak i.

Det hende at han gjorde ting utan å spørja, og ringde oss etterpå med ei unnskyldning: "Eg tok med ei gruppe ungar til utstillinga og viste dei rundt". Eller; "eg sende blomar på vegner av foreininga til ein kunstnar som hadde rund dag. Men eg betalte sjølv..." Kvar vår la Leif ned blomar på gravhaugen til Ole Tjøtta, på fødselsdagen hans. Det var typisk for han å heidra ein kunstnar som ikkje fekk så mykje merksemd medan han levde.

Leif hadde ei unik evne til å sjå kvar enkelt, frå ungdommane som sat vakt til styremedlem og besøkande. Om ein var fire år og balanserte brus i høgt stettglas under ei opning, eller kritikar med makt til å slakte eller rose ei utstilling, møtte han dei med like mykje interesse og varme.

Nettverket hans var stort og han var høgt respektert av kunstnarar og kunstkjennarar over heile landet. Kunstnarar som stilte ut i Bryne kunstforeining gav ofte tilbakemelding om at dei hadde fått eit minne for livet i møte med Leif. Besøkande vart traktert med kaffi og kaker eller tatt med på kafé, og innimellom også tatt med på tur. Dei fekk gode samtalar med ein mann med bredt samfunns- og kulturengasjement, det fanst knapt det emne Leif ikkje kunne eller ønska å læra noko om.

Ein katedral er eit stort bygg, som det tar lang tid å fullføre. Men legg me stein på stein, står han der ein dag, fullreist. Bryne kunstforening er bygd av små og store handlingar og hendingar gjennom 64 år. Mange har bidrege, men ingen har vore så sentral som Leif var, heilt til det siste. Han var Bryne kunstforenings gode ånd, og ein åndshøvding i alle tydingar av ordet.

I mest 86 år vandra Leif på jorda. Dei siste åra med stav, som den pilegrimen han var. Leif betydde mykje for mange, både på eit fagleg og personleg plan. Me som var så heldige å møta han, har alle kvar vår grunn til å sørgja nå.

På engelsk tyder Leif liv. Livet vårt er blitt rikare av di Leif Normann Andenes valde å vera blant oss. I Bryne kunstforening vil han leva vidare i ånd og arbeid i åra som kjem.

Bryne kunstforening takkar deg, Leif, for alt du var og er.

Artikkeltags