Mellom åtte og tolv prosent av norske barnehagebarn opplever jamleg utestenging frå leik eller ulike formar for krenking.

– Det er naivt å tru at mobbing startar i fyrste klasse. Mobbing kan absolutt skje i barnehagen, seier Silje Aase, pedagogisk leiar i Jærbarnehagen på Bryne.

Systematisk jobbing

Stortinget har vedteke eigne reglar i barnehagelova som skal sikra barn eit trygt omsorgs- og læringsmiljø. I desse endringane, som tredde i kraft ved inngangen av 2021, ligg det eit krav om at alle barnehagar skal jobba systematisk for å førebyggja utestenging og mobbing.

Kort fortalt er det nå også lovbestemt at barnehagane skal skapa gode miljø der barna trivst og er sosialt inkluderte. Dette skal sikra at alle barn, uavhengig av barnehage, får hjelp av vaksne til å ta godt vare på kvarandre. Rammeplanen for barnehagar stiller også desse krava, men frå 2021 vart altså forpliktingane tatt inn i lova.

Nå kviler kalenderen på januar 2022. Korleis påverkar lovendringa arbeidet i barnehagane? Jærbladet tok turen til Jærbarnehagen på Bryne for ein prat.

Ei kraftig bevisstgjering

Fleire barnehagar i Time kommune er med i prosjektet "Inkluderende barnehage- og skolemiljø" gjennom Utdanningsdirektoratet. Medan nokre barnehagar i kommunen har vore med i prosjektet sidan 2018, kom Jærbarnehagen med i løpet av 2020.

– Me har jobba førebyggjande med mobbing før, så me var litt førebudde, men me har hatt ei kraftig bevisstgjering og har eit endå større fokus på inkludering, seier styrar Ruth Stabel Berg.

Krenkande oppførsel blant små barn

Gjennom prosjektet har dei barnehagtilsette bliltt utfordra på kva dei legg i ulike omgrep, som nettopp inkludering og krenking.

– Krenking skjer ned i eitt- og toårsalderen. Det kan vera ubevisst åtferd av barna, men viss me vaksne ikkje grip inn og korrigerer denne åtferda, kan det bli noko meir, seier Silje Aase.

Saman med kollega Therese Bekkeheien har ho vore på kurs og foredrag gjennom prosjektet.

Dei to fortel at dei også har snakka mykje om når vaksne kan oppføra seg krenkande, både mot andre tilsette og mot barn.

– Det har nok vore det tøffaste å jobba med. Det kan vera vanskeleg å seia i frå til kollegaer som har gått over streken. Men sidan me har snakka så mykje om det, og også har brukt konkrete eksempel, har også dette blitt lettare, seier Bekkeheiem.

Ho viser til at krenkande oppførsel blant anna kan vera å snakka til andre, både barn og andre vaksne, på ein nedlatande måte.

– Eller himla med augene og bli veldig sint, legg Aase til.

– Ungane speglar dei vaksne

Dei barnehagetilsette meiner alle tilsette har fått ei felles forståing i botn, gjennom det målretta arbeidet med inkludering og førebygging av mobbing.

– Me har på ein måte fått utdelt like briller, forklarer Bekkeheien.

Ho fortel at med eit auka fokus på inkludering og at ein tydeleg går inn og korrigerer i situasjonar med krenkande åtferd, opplever dei tilsette at ungane tek etter.

– Ungane speglar oss vaksne. Eg opplever at me har blitt flinkare å vera tett på ungane og endå meir bevisste det ansvaret me har som tydelege rollemodellar, seier styrar Ruth Stabel Berg.

Ho opplever at prosjektet dei er med i har gitt tilsette viktige verktøy til å observera og sikra at alle blir inkluderte.

– Inkludering er eit vaksenansvar

Barnehagen er blitt meir bevisste på kven som har best relasjonar til kvarandre, og då også kor behovet for inkludering er størst.

Eitt av tiltaka dei har gjennomført i haust, er barnesamtalar med dei eldste barnehagebarna.

– Me snakkar om ein tenkt busstur og dei får spørsmål om kven dei ville hatt med seg. I desse samtalane har me med oss eit bilete av ein buss og bilete av alle dei andre ungane på avdelinga, og så får ungane lov til å plassera bileta av dei som dei ville hatt med seg på tur. På denne måten ser me på ein enkel måte om nokon ikkje blir valde og kan bruka det som utgangspunkt til dømes når me set saman leikegrupper, seier Stabel Berg.

– Inkludering vil alltid vera eit vaksenansvar, legg Bekkeheien til.

Foreldre må på banen

Barnehagen har vore tydeleg på at foreldra også må på banen i jobben med inkludering.

– Bursdagsselskap er viktig for ungane, og me ser fort at dette kan bli brukt av barna: At viss du ikkje gjer sånn og sånn, så får du ikkje koma i selskapet mitt, seier Stabel Berg.

Ho fortel også om andre konkrete døme på inkludering frå foreldresida.

– På eit foreldremøte viste me ein video av ein gut som fortalde heime at han ikkje ville i barnehagen fordi det var eit anna barn som slo og beit. Det denne mora gjorde, var nok det motsette av kva mange automatisk ville tenkt. Ho tenkte at relasjonen mellom barna måtet forbetrast og inviterte det andre barnet på besøk, fortel styraren.

Ho trur at slike konkrete eksempel også set i gang prosessar hjå foreldra.

Ser framover

Då Jærbladet er innom, driv Jærbarnehagen på gult nivå, med dei restriksjonane det fører med seg. Stabel Berg vel å vera optimist og sjå framover, forbi pandemien.

– Me ser framover og gler oss til å jobba endå meir med å skapa gode relasjonar og inkludering. Det passar også godt inn med visjonen vår: Barnet fyrst, seier ho.

Jærbarnehagen har 84 barn fordelte på seks grupper.